Kjell Træet førebur tur til Norway Cup med 16-årslaget i trygg forvissing om at A-laget ligg ganske midt på tabellen når haustsesongen startar. Arkivfoto Fitjarposten / Kjetil Rydland

Ferierer midt på tabellen

Trass i ein ganske stusseleg vårsesong ferierer A-laget til Fitjar midt på tabellen i 5. divisjon etter brukbar poengfangst i dei siste kampane.

 

A-laget til Fitjar har ikkje hatt marginane med seg så langt i årets 5. divisjon i fotball. I tillegg har dei utan tvil sakna rutinerte spelarar som har gitt seg med A-lagsfotball. Alt i alt har det blitt ein av dei svakaste vårsesongane på mange år.

 

Derfor låg Fitjar ei stund heilt på botnen av tabellen, med fattige to poeng. Men i dei siste kampane før sommarferien skjerpa laget seg kraftig, og fekk full pott på Askøy i juni, med klare sigrar over Follese og Askøy FK. 

 

I tillegg er Fitjar tilkjent tre poeng og 3-0 i målskilnad i kampen dei tapte mot Nordnes på Møhlenpris 16. juni. Her hadde heimelaget gjort så grove feil at Hordaland Fotballkrets reagerte med å tilkjenna Fitjar sigeren. Nordnes stilte med ein mann som skulle ha sona karantene for tre gule kort. 

 

Dermed ligg Fitjar midt på tabellen i 5. divisjon, med 11 poeng etter 11 spelte kampar. Det ser ut til at fem lag har skilt seg ut i puljen, med Trio på tabelltoppen. Alle dei sju siste laga står i fare for å hamna i nedryksstriden.

 

Me har eit visst håp om at me vil oppleva litt fleire gleder på fotballbanen i haustsesongen. Akkurat no er det treningspause for A-laget, og Kjell Træet er med Jøran Reigstad og 16-årslaget og førebur deltaking i Norway Cup neste veke. På kvoten for overårige har dei med seg fire 17-åringar som spelar på A-laget.

 

Måndag var dei på Svortland og spela periodevis jamt mot eit sterkt Bremnes-lag. Spesielt lovande takter viste Marius H. Storebø, som imponerte med storspel og fleire flotte mål. Dette gir von om ein betre haustsesong. Det same gjer eit ubekrefta rykte om at dei andre A-lagsspelarane held forma ved like med harde joggeturar.

 

Måtte ryktet stemma, slik at A-laget stiller med auka løpskraft til haustsesongen i 5. divisjon, som for Fitjar sin del opnar med heimekamp mot Halsnøy laurdag 19. august.