Mange flotte båtar ankrar opp ved Hatlevik under basaren. Foto: Kåre Undal

Ein av dei beste

Det seier Kåre Undal i Den indre Sjømannsmisjon om årets Hatlevikbasar. Og Kåre har vore på mange.

Basaren samla i år 500-600 hundre besøkjande, folk baud villig på auksjonen og pengane sat òg laust når det gjaldt å kjøpe lodd.

– Eg trur nok at det hadde vore endå meir folk om ikkje veret såg så usikkert ut om morgonen. Men det letta og vart riktig fint utover dagen.

Foto: Kåre Undal

Auksjonsgjenstanden som gjekk for høgast pris denne gongen var ein gyngestol i trykkimpregnert materiale som gjekk for 10 000  kroner, seier Kåre og fortset med å skryte av andakten til Reidar Ådnanes:

– Ein fantastisk god andakt, jordnær og konkret, seier Undal.

Han trekkjer og fram gruppa frå «Loftet» på Karmøy som stod for spenstig og sterk song, med like sterke vitnemål om kva Gud kan gjera.

Kåre Undal hadde med seg fleire som ikkje hadde vore på basaren før. Han fortel at opplevinga gav meirsmak, og det vert truleg endå fleire med neste år, seier han, til slutt.

Andre tilstadeverande som fitjarposten har snakka med peikar og på andakten til Ådnanes. Auksjonarius Halvard Møkster, og Rasmus Fitjar som leia det heile får og gode ord.

Me må heller ikkje gløyme Rasmus Hatlevik som er den store primus motoren for denne basaren, og som og i år stod sentralt under auksjonen – den flotte gjengen som gjer kjempedugnad på mange slags vis.

Lyden får og skyt. – Utruleg bra ifølgje ein fitjarbu me snakka med i dag.

Gevinstar. Foto: Kåre Undal.