Heilo på Tindane, med Folgefonna i bakgrunnen. Foto: Kjetil Rydland.

Grønafjellet – indrefileten i Fitjarfjellet!

Orda fall under verdifastsetjinga av naturområda i Fitjar i fjor, og me er langt på veg einige, i alle høve om me tek med Tindane i same andedraget.

 

I fjor og i år har ei gruppe ressurspersonar under leiing av Kari B. Rydland i Fitjar kommune katlagt og sett verdi på friluftsområda i Fitjar. Det er eit mål at alle friluftsområda i Noreg skal kartleggjast innan 2018, etter ein bestemt metodikk utarbeidd av Miljødirektoratet.

Etter visse verdisetjingskriterium – blant andre opplevingskvalitetar, kunnskapsverdiar og lydmiljø – fekk eit område på Grønafjellet/Tindane den høgaste stausen som det går an å få, nemleg «Særskilt kvalitetsområde»

Området blei beskrive på følgjande måte: «Frodig høgfjellsområde med mangfold av planter. Mjuk botnvegetasjon. Interessant fugleliv.»

Ein tur forbi Mosavatnet og oppover Grønafjedlet og Tindane stadfestar at dette stemmer godt; området byr på opplevingar som me ikkje får andre stader i Fitjar. 

 


Utsikt frå Tindane mot Grønafjellssåto 623 moh. Foto: Kjetil Rydland. 

Me har gleda av å bringa vidare ein del bilete som viser kvifor dei store orda blir brukte om dette fjellområdet. 

På Grønafjellet finn me heipiplerka, den vanlegaste småfuglen i fjella våre. Jan Rabben fortel at den og finst i kystlyngheia, men bestanden minkar der den gror igjen. Heipiplerka er den vanlegaste vertsfuglen for gauken, og dette er grunnen til at gauken no helst er å treffa øvst i bjørkebeltet, på grensa til snaufjellet. 

Elles hadde me gleda av å treffa på både raudstilk og heilo i området søraust for Grønafjellssåto. Heiloen er lett å kjenna att på den såre lyden. Den kan du høyra på nettstaden fuglelyder.net. Raustilkane såg ut til å vera opptekne av å passa på avkommet sitt, og laga ein heilt annan lyd. Den kan du høyra her

 
Nord på Tindane kjem me til den kjende steinhytta Tindaslottet. Men før den passerer me eit lite stykke rosa berg, det er den svært karakteristiske smykkejsteinen turmalin. Og ved Tindaslottet finn me den vestlegaste norske førekomsten av fjellplanten reinrose. I førre veke var ho i ferd med å avblomstra. Sjå elles artikkelen Reinrosa blømer på Fitjarposten. 

 
På Grønafjellet finn me òg dei beste moltemyrane på Stordøya, men nærmare bestemt kor, vil me sjølvsagt ikkje ut med … 

 


Heipiplerke, den vanlegaste småfuglen i fjellet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Djupetjødno, med Mehammarsåto og Litlasåto i bakgrunnen. Foto: Kjetil Rydland.

  


Raudstilk i flukt. Foto: Kjetil Rydland.

 


Raudstilk i flukt. Foto: Kjetil Rydland.

 


Heilo på Tindane. Foto: Kjetil Rydland.

 


Eit stykke sør for Tindaslottet finn me den sjeldne smykkesteinen turmalin. Foto: Kjetil Rydland.

 


Når me kjem til juli, er reinrosa på Tindane nesten ferdigblomstra. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Utsikt over Tindaslottet, Handfjellssåto og Huftarøy i Austevoll. Foto: Kjetil Rydland.