Dagleg leiar i NordRen AS, Svein Sørensen, t.v. og Terje Gilje i SIM.

SIM har signert viktig kontrakt

I dag har SIM inngått ny avtale om innsamling av hushaldsavfallet i Sunnhordland, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Tysdag 4. juli var ein merkedag for SIM, då det vart inngått avtale med NordRen AS om innsamling av hushaldsavfallet for innbyggjarane i Sunnhordland. Kontrakten har ein verdi på om lag 20 millionar kroner årleg, og har ei lengd på seks år, med høve til forlenging i 1+1+1 år, skriv SIM i pressemeldinga.

– Me er svært nøgde med avtalen me no inngår og selskapet som skal hente hushaldsavfallet hjå innbyggjarane i SIM-området dei neste seks åra, seier dagleg leiar i SIM, Terje Gilje.

Dagleg leiar i NordRen AS, Svein Sørensen, påpeikar at dei ser fram til å starte opp avtalen med SIM.

- Annonse -

– Dette er den fyrste kontrakten vår på Vestlandet, og for oss er dette ein viktig kontrakt som me skal gjere vårt beste for å gjennomføre på ein god måte, seier Sørensen.


Fire tilbydarar

SIM lyste ut konkurranse for henting av hushaldsavfallet i mars, og fekk inn fire tilbod til konkurransen.

Selskapet som vann har lang erfaring frå renovasjonsbransjen og har hushaldsrenovasjon som sitt hovudvirke. NordRen AS er lokalisert i Sørum, i Akershus, og har liknande oppdrag for Rygge, Vestby, Våler og Nes kommunar. I tillegg skal dei starte opp kontraktar i FolloRen IKS og Agder.


Vil bli endring

Avtalen som no er inngått gjer det mogeleg for SIM å endre innsamlingsordninga for innbyggjarane. Frå april 2018 vil alle få tilbod om henting av restavfallet to gonger i månaden, i tillegg til henting av plastemballasje.

– Årsaka til at me ikkje har innført dette tidlegare er at det ville medført for store kostnadar sett opp mot gevinsten. Difor var det naturleg å vente til ny kontrakt skulle lysast ut, seier Gilje.