Asfalteringsarbeid i gang på vegen Rimbareid-Vik i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Asfalteringa i gang

Asfaltering i gang på vegen Rimbareid-Vik. Du slepp altså å køyre på pukk og grus i sommar.

Men det tyder at du kan køyre på nylagt asfalt i heile sommar, og i fellesferien er det heller ikkje arbeid på vegen.

– Me legg ein køyrebane med fundament-asfalt no slik at folk skal sleppe å køyre på grus og pukk i heile sommar. Sidan, når vegen vert gjort ferdig, skal det to lag til med asfalt til oppå der, seier byggeleiar Roberto Balzer til fitjarposten.no.

Men dette er ikkje noko han vil ta æra av. – Det er entreprenøren Vassbakk & Stol som sørgjer for at dette blir gjort, smiler byggeleiaren.

Dei gamle bruene er fiksa, berre «pynting» gjenstår på dei. 

Før dei tar ferie, vil entreprenøren vidare starta på arbeidet med å grave ut gang- og sykkelveg, og sikra vegen.

– Godt for sjåførar, og godt for bilane, spør du oss.

Etter ferien skal den nye brua lagast og arbeidet med å ferdigstilla vegen fortset.

– Heile arbeidet på vegen blir truleg ferdig i år, seier Balzer.

Det er eit halvt år tidlegare enn først planlagt.