Leander Helland med diplom etter graderinga. Foto: Kjetil Rydland.

Nye karatebelte på Vikahaugane

Ein heil flokk frå Fitjar Shotokan Karateklubb graderte til nye belte under den store karatesamlinga på Vikahaugane i helga. 

 

Frå torsdag til søndag denne helga var over 450 spreke utøvarar samla til sommargasshuku på Vikahaugane. 32 av desse kom frå Fitjar Shotokan Karateklubb. JKA Norge var tilskipar saman med Stord Karateklubb.

Dei første dagane var det trening, under leiing av kjende japanske karatelærarar, ein instruktør frå England og fleire frå den norske eliten. Laurdag og søndag var det gradering til nye belte.

Fire instruktører frå Fitjar, Sukhwinder Koløen, Maren Aamodt, Trond Strand og Terje Hillestad, var med på fredagens instruktørtrening med japanarane. 


Enkelte begynner tidleg med karate, Helge Hystad med barnebarnet Paul Vincent Hystad Carter, som hadde dagens minste karatedrakt. Foto: Kjetil Rydland.

 


Sigurd André Maraas kom ikkje så tidleg i gang med karate, men kan her jubla for ny gradering. Foto: Kjetil Rydland.

 


Anja og Sigurd André Maraas under graderinga søndag ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland. 

  


Desse graderte på laurdag: Alexandra Maraas (2 kyu), Christina Koløen (1 kyu), Heidi Maraas (1 kyu) og Victoria Marass (2 kyu). Foto: Sukhwinder Koløen.  

 

 
Sol Angelica Maraas (7 kyu), Amalie Gjøsæter (7 kyu) og Melissa Maraas (7 kyu) etter søndagens gradering. Foto: Sukhwinder Koløen. 

 

 
Denne flotte gjengen graderte søndag. Sigurd Maraas (6 kyu), Anja Maraas (6 kyu), Katarina Maraas (3 kyu). Helena Solli (5 kyu). Emil koløen (5 kyu). Leander Helland (4 kyu). Daniel Marzalek (4 kyu), Andrea Hillestad (4 kyu) og Lars Olai Solli (5 kyu). Foto: Sukhwinder Koløen.