Ordførar Wenche Tislevoll heldt og i år ei sterk tale ved minnestøtta for dei falne. Foto: FP-arkiv/HCH

Sterk minnetale

Ordførar Wenche Tislevoll heldt ein sterk minnetale under kransenedlegginga 17. mai.  Etter det fitjarposten.no erfarer er denne stunda ved minnestøtta noko svært mange fitjarbuar set pris på. Talen kan du lese nedanfor i det munnlege språket han vart framført i. (Mellomtitlane har FP lagt til.)

KRANSENEDLEGGING 17. MAI 2017

«Gratulera med dagen !!

Gratulera med dagen øve alle dagar, den dagen som verkeleg vekkjer nasjonalfølelsen vår. 

Norge har Europas eldste og verdens nest eldste grunnlov som fortsatt er i bruk.  Den er eit samlande symbol på dei verdiane som er viktige !  Me har ytringsfrihet, trusfrihet, rett til likebehandling, rett til trygghet og menneskeverd. 

Me har alle grunn til å kjenne på både stolthet og gleda over å få bu i et så vakkert og velfungerande land.  

I år er det 77 år sidan Norge blei okkupert av tyskerne og det er 72 år sidan frigjeringsdagen.  Frihet, sjølvstende og demokrati er utruleg viktig.  

Kor mykje det betyr, trur eg ikkje me forstår før me opplever å miste da. 

Me må ikkje gløyma dei menn og kvinner som ofra liv og helse for at me skulle få oppleva fred.  

Mange kom aldri heim igjen, andre kom heim med store fysiske og psykiske skadar.  Og felles for mange av dei som bidrog til at Norge skulle bli eit fritt land:  dei fekk aldri den takk og den merksemd som dei fortente.  

La oss saman gjera ein innsats for å fortelja oppvoksande slekter om den viktige delen av vår felles historie.  

Anton Johannes Sandvik
Eg vil minnas ein av dei mest kjente krigsveteranane i Fitjar.  Anton Johannes Sandvik (ekspeditøren i Sandvikvåg) som var aktiv i motstandsarbeidet og pioneren i våpentransporten i Sunnhordland. 

Djerv og uredd drog han omkring med skøyta «Lets» med våpenlaster – eller frakta på ettersøkte agentar.  Han hjelpte m.a. motstandsmannen Christian Tønseth å koma seg i sikkerhet etter skytedramaet på Sunde. Dette skjedde i nært samarbeid med andre kjente motstandsfolk som Laurits Klubben og Anton Bjørke.  

Men Gestapo kom på sporet, og Johannes Sandvik vart arrestert i mai 1943. Han sat først i kakebu ei natt på Osternes festning – der han frå tidlegare var godt kjent – der var fleire inne og høyrte om han.  Kanonkommandøren kom også innom og ynskte at det skulle gå han vèl.  Han hadde velvilje for  Johannes etter han hadde tatt vare på nokre drivminer og meldt ifrå til festninga (tyskerane) 

Etter harde avhøyr på Gestapohuset i Bergen vart han sendt til fangeleiren på Ulven.  Her kom han saman med ein gjeng motstandsfolk frå Bremnes.  Det var Lenkegjengen, 23 mann.  Det var dei som  av tyskerane var rekna for å vera dei farlegaste politiske fangane.  Seinare blei alle flytta til Espeland.  

 I desember 1943 var det transport til Oslo og så bar ferda vidare med slaveskipet Donau til Stettin i Tyskland. Frå Stettin til Berlin vart dei lasta i kuvogner og stod tett i tett. 60 menn i kvar vogn, og turen tok 28 timar.  

Kristentrua heldt han oppe
Av Lenkegjengen vart berre Johannes sendt til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.  Av dei 23 i Lenkegjengen døydde 12 i Tyskland.  Ein kan undre seg over om det var kanonkommandøren på Osterneset som hadde tala Johannes si sak slik at han blei spart for dei verste lidingane som gjorde at han greide å overleva fangeskapet.   

Men som han sa sjølv, det vesentlege var kristentrua, Bibelen var han fylgjesvein heile tida i fangenskap, og han viste det var ei bønevakt rundt han heile tida. 

Vel framme i Sachsenhausen blei alt teke ifrå fangane, håret vart klipt/barbert og dei fekk fangeklær og hollandske tresko.  Undertøy og sokkar mangla og det var kaldt. Mat hadde dei ikkje fått etter at dei fekk «stormsuppe» då dei gjekk ombord på Donau 3 dagar tidlegare.   

Johannes Sandvik vart sett i arbeid på flyfabrikken Heinkelwerke som var ein utekommando under hovedleiren.  Flya dei bygde var Heinkel 177, to motors bombefly.  

Hardt arbeid frå 6 om morgonen til 7 om kvelden.  Det var lite mat , men etterkvart fekk ein pakkar heimanfrå og det hjelpte godt.  Ein delte med dei som ikkje fekk, slik som dei russiske fangane som hadde det aller verst i leiren. 

Berga ein annan fange
Ein historie er korleis han berga livet til ein annan fange i leiren.  Då Solfrid (barnebarnet til Johannes og dottera til Harald Johan) og Bård Inge skulle gifta seg, hadde Tore Hovland, ein god kamerat av Harald Johan frå Bergen veteranvognklubb oppdraget med å køyra brurebilen.  Dagen etter oppdraget ringte han Harald Johan:  «Eg må fortelja deg kva som hendte då eg kom heim i går. Eg var saman med svigerfar og eg fortalte kor eg hadde vore i går.  Då sa svigerfar : «Har du vært hos de folkene ?» Bestefar der (altså Johannes) berga livet mitt i Tyskland! Han kom inn i hallen der eg var, såg meg og sa: «E du her? Me må få deg vekk herifrå! Her greie du deg ikkje! Eg blei flytta inn i den hallen der han var, og der stelte dei med meg og eg blei mykje betre»  Utan den flyttinga hadde eg ikkje overlevd!» 

Harald Johan gjekk inn til faren og spurte : Huska du da der ?  Ja, sa han.  Eg gjekk til tillitsmannen i barakka og ba han ta affære.  Han tok saka med ein gong og fekk han inn til oss. 

 Overlevde flyåtak
I april 1944 var det berre tilfeldigheter så gjorde at Johannes overlevde eit flyåtak på leiren. Han gøymde seg under vasken på vaskerommet. Det er blitt fortalt frå ein annan som var der at Johannes sa: «Ta det med ro, Herren è med oss.»  112 fangar døydde.  Brakka der han overnatta stod, men mange køyer var sprengte, og soveposen til Johannes var full av splintar.  

I april 1945 kom dei kvite bussane og køyrde dei ut av Sachsenhausen.  Han var fri, etter 2 år i fangenskap, ½ år i Norge og 1 ½ år i Tyskland.  Ferda gjekk til Hamburg, Danmark, og 3 mai til Sverige.  Den 7. mai fekk ein beskjed om at fienden hadde kapitulert også i Norge.  

Fridde med ein gong han kom heim
Johannes kom heim 28. mai  – same kvelden fridde han til Helga som hadde vore tenestejente hos familien i Færøysund sidan tidleg i krigen.  Og som han hadde hatt eit godt auga til før han blei tatt til fange.  

Han og Helga fekk 3 born: Harald Johan, Målfrid og Mette Magrethe.  

Johannes Sandvik dreiv butikk, båtekspedisjon og hummarpark i Engesund.  I tillegg til å vera maskinentreprenør. 

Då ferja blei flytta frå Fitjar til Sandvikvåg i 1964 blei Johannes ferjeekspeditør, og hus og butikk vart bygd i Sandvikvåg i 1965.

Johannes sa sjølv at det gjekk 10 år etter han slapp fri før følelseslivet var normalt igjen.  Ungane visste om kva Johannes hadde vore med på men det blei det aldri snakka om i det i heimen.  

Ikkje før det hadde gått mange år, og han var blitt ein gamal mann.  

Far til Johannes spurte ei stund etter krigen om han ville gjort det same om att – ofra liv og helse for at Norge skulle verta eit fritt land.  Og sjølv om faren hadde nekta han.

Og svaret var, og det var ikkje tvil:  – Ja eg ville gjort det opp att !! 

Anton Johannes Sandvik fekk eit langt og godt liv og døydde 88,5 år gamal i 2005. 

Det er med stor takksemd og æra me minnest dei som gjorde teneste og dei som falt i teneste under andre verdenskrig. »