Seksåringen Emma Vestbøstad med dagens første pølse, omgitt av foreldra Aina og Tor Henning Vestbøstad. Foto: Kjetil Rydland.  

17. mai: – og ljos over landet strøymde!

Regnet og skodda tok pause, og me fekk oppleva ein makelaust fin 17. mai i Fitjar, og sjeldan har me sett så mykje folk ute i finstasen som i dag. 

 

Tonane frå Fitjar skulekorps fekk skodda til å letta i morgontimane i dag, og då barnetoget var klart til anmarsj frå Tinghusplassen klokka 10, skein sola over Fitjarsjøen. Og lokka folk fram frå gøymestadane sine, i finstas i ulike fargar. Sjeldan har me sett så mykje folk i gata på ein 17. mai.

 

Katharina Skumsnes, 7.-klassing frå Øvrebygda skule, hausta stor applaus for appellen ho heldt før barnetoget starta opp. – Heldige er me som bur i eit fredeleg og demokratisk land, sa ho blant anna, før ho ropa hurra for den norske grunnlova.

 

Tradisjonen tru følgde barnehagane og skulane hakk i hæl på flaggborga. Fremst gjekk ordførar Wenche Tislevoll, saman med Svein Olav Raunholm, frå Fitjar Musikklag, som hadde hovudansvaret for årets arrangement i Fitjar.

 

Som alltid tok toget turen bortom Fitjar bu- og  behandlingssenter og Havnahuset. Ordføraren tok seg tid til å helsa på folk ved institusjonane, og skulekorpset spela. Denne gongen klarte ein òg å unngå at toget spora av der borte. Flaggborga i spissen venta til alle var klare, og i slutta orden gjekk toget disiplinert tilbake til sentrum.

 

I eit aldeles strålande sommarvêr, fekk me oppleva ein 17. mai heilt i toppklasse. Fitjarbuen er vanlegvis eit godlynt folkeferd, men sjeldan har me møtt så mykje blide folk som i dag, og så fine som dei var! Sikkert fordi sola skein på folk som var letta over at vêret hadde letta akkurat i tide. 

 

Me lar bileta tal for seg, frå den finaste 17. mai i manns minne. 

  


Meir enn klare for 17. mai! F.v. Josefine (6), Jens (4) og Pernille (2) Brenne. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Håvard Oma Sele har teke finstasen på, sjølv om det ser ut som om han har vakt i brannvesenet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Katharina Skumsnes, 7.-klassing frå Øvrebygda skule, heldt ein flott appell framfor Fitjar rådhus før barnetoget starta. Foto: Kjetil Rydland.

 


Sola skin over Tinghusplassen idet barnetoget gjer klar til avmarsj. Foto: Kjetil Rydland.

 


Svein Olav Raunholm frå Fitjar Musikklag heilt i front, og rett bak kjem ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.

 


Våre nye landsmenn stilte opp i toget. Foto: Kjetil Rydland.

 


Fitjar skulekorps spelar Ja,vi elsker framfor Havnahuset. Foto: Kjetil Rydland.

 


Amir t.h. hadde son sin, Hatim med i 17. mai-toget. Her sit guten på armen til Achmed. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Flaggborga ventar medan skulekorpset spelar framfor Havnahuset. Foto: Kjetil Rydland.

 


Donatas Daktaras er sveisar på Fitjar Mekaniske Verksted til dagleg; han nytta den norske nasjonaldagen til å dra i land denne storfisken i fjøresteinane rett nedanfor Sjøstrand. Foto: Kjetil Rydland.

 


Den gamle storfiskaren Solomon Aarbø var altfor fint kledd til å fiska. Han hadde iallfall dagens finaste hatt og 17. mai-sløyfe. Foto: Kjetil Rydland.