Stor stas med dei nye leikeapparata i sentrum. Foto: Håkon C. Hartvedt

Suksess for leikeapparata

Det kan ikkje anna ennå kallast ein udelt suksess når me såg korleis borna koste seg i dei nye leikeapparata i sentrum i dag.

Kultursjef Bente Bjelland har såleis all grunn til å gle seg over at ideen ho har stått i bresjen for verkeleg har slått an. 

Både klatrepyramiden og dei andre apparata fall tydelegvis i smak hos borna, og når borna kosar seg, gjer ofte foreldra det og.

Eit flott tiltak som ikkje berre gjer bygda meir attraktiv 17. mai, men kanskje like mykje for båtturistar og andre med born som kjem som turistar til Fitjar i sommar.

Jone Malkenes Ljosdal. Foto: Håkon C. Hartvedt

Lyka Tislevoll og Miriam Gerhardsen i klatrestativet. Foto: Håkon C. Hartvedt