Osternes Mannskor syng «Når fjordene blåner» i Fitjar kyrkje i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Enno ein gong

Enno ein gong fekk me høyre Osternes Mannskor syngja «Når fjordene blåner» i kyrkja. Då er det 17. mai i Fitjar.

I alle fall for denne reporteren. Når me får syngja med på mellompartiet «Gud signe deg, Norge» er eg nesten tilbake til første gong eg såg «Sound of Music» og Christopher Plummer som kaptein Georg von Trapp syng «Edelweiss». Stemninga for meg er ikkje ulik.

Og så syng Osternes Mannskor svært bra for tida, sjølv om dirigent Ole Christian Ottestad gjorde eit humørfylt poeng og sa at dei innad koret titulerte «Når fjordene blåner» som «Når tenorane blånar».

Elles gjorde Fitjar Skulekorps ein flott figur denne gongen og. Utruleg kor fyldig og flott det let for tida.

Leve ut trua
Kykjelydsprest Fridleif Lydersen innleia sin tale med å snakka om nasjonaldagen med barnekor, demokrati og fridom. Ut ifrå orda i dagens tekst om at om ikkje Herren byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt, streka han under kor viktig det er at me praktiserer og synleggjer det me trur på, slik at folk ser at trua har praktisk betydning i våre liv. Å møte opp til gudsteneste er eit vitnesbyrd, like eins at vi les Bibelen og handlar ut ifrå det som står der.

Fridleif Lydersen lyser velsigninga i slutten av gudstesta i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt