Makrellterner parar seg i Havn i ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland. 

Terneungar i år og?

Etter å ha sett eit ternepar i aksjon i Havn i ettermiddag har me god von om å sjå terneungar i år og.

Då me stilte oss opp på flytebryggja i Havn i ettermiddag, sat ei terne og venta på at hannen skulle komma. Og ventetida var snart over.

Avtalen om paring såg ut til å gå greitt unna, for snart skreid dei to makrellternene til verket. Paringsakta var over i løpet av få minutt.

Makrellterna (Sterna hirundo) er den vanlegaste av ternene i Noreg. Dei som har funne vegen til Havn i Fitjar, har reist langt for å ruga fram ein ny generasjon, heilt frå dei sørlege og vestlege delane av Afrika.

Måtte dagens jobb til slutt gi eit vellukka resultat!

Her er eg! Foto: Kjetil Rydland.

Og her er eg og! Foto: Kjetil Rydland.

 

Og der var akta over. Foto: Kjetil Rydland.