Konfirmantane blir møtte av blitslampar og forventningsfulle familiemedlemmer idet dei kjem inn til konfirmasjonshøgtida. Foto: Kjetil Rydland. 

Rundt 700 på konfirmasjonsgudstenestene

I helga har Fitjar kyrkje blitt fylt tre gonger til konfirmasjonsgudsteneste, og høgtideleg og fint var det kvar gong.

Det er godt at Fitjar for lengst har begynt med fleire konfirmasjonsgudstenester. Elles hadde det vore for liten plass. I går møtte vel 200 opp på kvar av dei to gudstenestene, og i dag var heile 274 til stades, så til saman har rundt 700 vore med på konfirmasjonar i Fitjar i år.

Fitjarposten har vore til stades på fleire av gudstenestene, og har fått med seg høgtidsfulle og vakre gudstenester med sentral forkynning. Vakkert var det med konfirmantane i sine i kvite kapper, omgitt av slekt og vener med eit spel av ulike fargar i forskjellige festklede.

Kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen ønskte velkommen, medan sokneprest Olav Oma leia liturgien på ein verdig og høgtidsfull måte.  Saman stod dei to prestane for forbønshandlinga.

I talen sin tok soknepresten utgangspunkt i at verken han eller kyrkjelysdpresten hadde hugsa så mykje frå si eiga konfirmasjonstid, før han stilte spørsmålet om kva Peter kan ha hugsa frå si konfirmasjonstid, som varte i tre år.

I dagens tekst frå Johannesevangeliet, 21,15-19 lova Peter å elska Jesus, men som alle veit, fornekta han Jesus då det gjaldt som mest.
– Peter er lett å lika, sa soknepresten, for han er så menneskeleg, vi liknar mest på Peter, og vi kjem til å gjera dumme ting. Men han minte om at me alltid er velkomne hos Jesus, som seier: – Følg meg!

Høgtida blei avslutta med at kyrkjelydspedagog Silje Fyllingen song salme 647 «En gang du selv kan minnes», før ho leidde prosesjonen med prestar og konfirmantar ned kyrkjegolvet. Ei vakker avslutning på ei høgtidsam stund i kyrkja.

Våre hjartelegaste gratulasjonar går til alle konfirmantane. Me ønskjer lykke til vidare på livsferda.


Sokneprest Olav J. Oma og kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen bad for kvar einskild konfirmant. I den første gudstenesta stod Harald Johan Sandvik klar med ei rose til kvar. Foto: Kjetil Rydland. 


Silje Fyllingen syng «En gang før du selv kan minnes». Foto: Kjetil Rydland. 


Og her leier kyrkjelydspedagog Silje Fyllingen prosesjonen ut etter gudstenesta. Foto: Kjetil Rydland. 

Konfirmantane blei fordelte på dei tre gudstenestene slik:

Laurdag kl. 11.00:
Celine Marie Borup, Berner Haukeland, Jone Nysæther, Sara Klaudia Magdzinska, Jonas Torvund Midtsæter, Jens Grønås Bukkøy, Mats Olsen Vik, Silje Marie Særvold Kloster, Nikolai Ahrens Halleråker, Jakob Rolfsnes, Jens Øien Kloster

Laurdag kl. 13.00:
Adrian Bod Fykse, Josef Helland, Johannes Sandvik, Olga Vestbøstad, Marthe Nordbustad Koløen, Thea Træet, Lena Grimen, Alice Rose sMehammer, Sunniva Seivåg-Hauge, Sofie Kotunan Hjelmen, Anna Louisa Seddon, Daveids Daniels Kobanous, Brita Helen Larsen.

Søndag kl. 11.00:
Tor Håkon Aarbø, Leander Wilhelmsen Reigstad, Martine Pedersen Korsvik, Mari Hatlevik, Anders Koløen Lønning, Ole Koløen Lønning, Caroline Victoria Høgøy Nilsen, Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik, Kristian Træet, Iselin Gloppen Rimmereid, Malin Vik, Viktoria Strand Korsnes og Kristoffer Arnold Koløen Hansen