Ein blid gjeng frå entreprenøren Vassbakk & Stol, heilt til venstre på biletet byggeleiar Roberto Balzer frå Statens Vegvesen. Foto: Kjetil Rydland.

Avslutta HMS-veka med grillparty

I går avslutta dei tilsette i Vassbakk & Stol på veganlegget Rimbareid-Vik den årlege HMS-veka med grillmat i Rimbareidfeltet.

 

Ansvarlege for grillen utanfor brakka til Vassbakk & Stol i Rimbareidfeltet var Ingebjørg og Martin Vik, fornøgde naboar til det store veganlegget mellom Vik og Rimbareid.

 


Grillmeister Martin Vik er klar til å ta imot anleggsarbeidarane. Foto: Kjetil Rydland.

 

Naboane stilte med heimelaga grill, medan prosjekteringsleiar Jan Einar Rød frå entreprenøren skaffa til vegar eit rikt utval grillmat til dei tilsette. 

Vasbakk & Stol er eigd av Skanska, som har 35.000 tilsette over heile verda. Kvart år er dei pålagde å gjennomføra ei HMS-veke, fortel avdelingsleiar Torgrim Storstein i Vassbakk & og Stol, avdeling Staupe i Sveio. 

Temaet for årets HMS-veke har vore arbeidsmiljø og trivsel. – Det er viktig at me har takhøgde for å ta opp forskjellige synspunkt, seier Storstein, slik at me kan få fram ting som gneg, og løysa problema. 

Elles er dei opptekne av å markera tryggleik, og terpa heile tida. Det er viktig med inspirasjon til å tenkja vidare. Det overordna målet er alltid at alle kan gå heim frå jobb friske og raske, og det har gått ba, seier Storstein.

Byggeleiar Roberto Balzer frå Statens Vegvesen er med og nyt grillmaten i det fine solskinet framfor anleggsbrakka. Han har ingen ting å klaga på, stadfestar han overfor Fitjarposten. Han har hatt ein god dialog med entreprenøren heile vegen. Det er han som har det overordna HMS-ansvaret for prosjektet, og gler seg over å sjå at entreprenøren har ivareteke HMS-ansvaret sitt på ein framifrå måte. 

Så langt har alt gått etter planen, entreprenøren har korta inn litt på tidsplanen som Statens Vegvesen på eitt tidspunkt såg for seg. Det blir asfalt på heile strekkja før ferien, stadfestar Storstein hos entreprenøren. 

Både representantane for entreprenøren og byggeleiar Balzer i vegvesenet rosar grunneigarane for å vera tolmodige og greie. Anleggsleiinga har vore tilgjengeleg for publikum i brakka i Rimbareidfeltet heile tida.

– Det er Vassbakk & Stol si forteneste at det har gått så bra, meiner Balzer. 

Jan Einar Rød vil nytta høvet til å takka Martin Vik og kona som har stilt opp og grilla for 30 arbeidsfolk. Dei sørgde for at alle blei gode og mette.

– Fantastiske grunneigarar og tusen takk til dei for grillinga på vegner av Vassbakk & Stol as og alle anleggsarbeidarane på  fv. 545 Rimbareid-Vik!

Rød fortel til Fitjarposten at entreprenøren har blitt overvelda over fitjarbuen som stiller opp på anleggskontoret deira og fortel kor imponerte dei er over anleggsarbeidet som foregår. 

– Det er veldig hyggelig for oss å få slike tilbakemeldingar, og dei set me pris på.

 


Slik ser det ut i Hungersdalen i dag, og før ferien skal det vera råd å køyra på asfalt heilt til Vik. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Denne gjengen arbeidde på den same vegstrekka før 2. verdskrigen, og fekk 1 kr per time, står det å lesa i Fitjar bygdebok, 1986. Frå venstre Johannes Fitjar, Olav Strand, Morten Rimmereide, Lars Dalen, Martin Thorland, Lars Rimmereid og Lars Tveita d.e.