Seniorrådgjevar Roald Breistein frå Hordaland fylkeskommune orienterer. Foto: Harald Johan Sandvik.

Revisortenester for Fitjar kommune

Kommunestyret valde revisor etter tilråding frå kontrollutvalet.

 

Kjøp av revisortenester har vore lyst ut på tilbod, samordna med fleire kommunar i Sunnhordland. Svarfrist var 11. januar 2017, og fire firma synte interesse. Dei siste åra har Deloitte AS vore revisor for kommunen. Noverande avtale skal gjelda til og med rekneskapsåret 2016, det vil seie til og med 30. juni 2017. Frå 1. juli 2017 skal ny revisor i ny avtaleperiode vera på plass.

I kommunelova § 78.4 står det slik: «Kommunestyret eller fylkestinget velger selv revisor. Vedtaket treffes på grunnlag av innstilling fra kontrollutvalget.»

Kontrollutvalet i Fitjar kjøper sekretærtenester frå Hordaland fylkeskommune, og deira seniorrådgjevar Roald Breistein møtte i kommunestyret i dag og orienterte om prosessen. Etter deira handsaming av dei innkomne tilboda rådde han til at Deloitte AS får fornya tillit i Fitjar

Kommunestyret gjorde samrøystes vedtak: Kommunestyret i Fitjar kommune vel Deloitte AS som revisor frå 01.07.2017 til 30.06.2021.