Skulesjef John Karsten Raunholm informerer om dei nye reglane Foto: Harald Johan Sandvik

Nulltoleranse for krenkjande åtferd i skulen

Opplæringslova § 9 A er endra.

 

Skulesjef John Karsten Raunholm informerte om endringane i opplæringslova i kommunestyremøtet i dag. Innskjerpinga i lova er noko kommunestyret som skuleeigar må vera fullt klar over.

Sjølv om skuleverket i lang tid har hatt sterkt fokus på mobbing, skjer det likevel svært mange uynskte hendingar, og mange elevar lir under det. Det nye uttrykket i denne samanhengen er krenking. Alle elevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. 

Den endra paragrafen i lova set skjerpa krav til skulen og skuleeigaren. Det er nulltoleranse for krenking, og skulen skal ha handhevingsordning. Ein skal følgja med, gripa inn, varsla rektor, undersøkja og gjera tiltak som er skriftleg dokumenterte. Tiltaka skal halda fram til eleven sjølv opplever at no er det greitt. Dokumentasjon er overordna viktig. Og – føresette kan klaga til fylkesmannen innan fem dagar frå melding om krenking, dersom det ikkje er sett i gang tiltak.

Skuleeigar er ansvarleg for at alle aktuelle kjenner til dei nye reglane.

Eit av dei viktigaste samfunnsmandata er at elevane lever i eit godt miljø, sa skulesjefen.