Gruppeleiarane i kommunestyret står alle bak uttalen til støtte for Hordfast. Frå venstre: Harald Rydland, KrF, Arne Prestbø, H, Sigurd André Maraas, Frp, Agnar Aarskog, Ap, ordførar Wenche Tislevoll, H, og Grete Marit Veka Maraas, Sp. Foto Harald Johan Sandvik.

Uttale til støtte for Hordfast

Kommunestyret kom med ein sterk uttale i samband med uroa rundt E39 denne veka.

 

Som kjent har fungerande fylkesordførar Pål Kårbø, KrF, nyleg sagt at ein bør venta med E39 Stord-Bergen, Hordfast, til andre viktige vegprosjekt i fylket er sikra. Det er naturleg at det har skapt mange reaksjonar, og Harald Rydland, KrF, la i dag fram utkast til ein uttale som heile kommunestyret stilte seg bak. Uttalen lyder slik:

«FYLKESKOMMUNE PÅ VILLE VEGAR

Fitjar kommunestyre viser til uttalane den politiske leiinga i Hordaland fylkeskommune har kome med når det gjeld Hordfast den siste veka. Kommunestyret tek sterk avstand frå uttalane.

1: Hordfast er ein del av det store og framtidsretta nasjonale prosjektet som Stortinget og Regjeringa har sett i gang for å gjera kyststamvegen (E39) mellom Kristiansand og Trondheim ferjefri.

2: Hordfast er ein av dei mest interessante delene av prosjektet når det gjeld å knyta saman viktige nærings- og buområde.

3: Ferjefri kyststamveg og Hordfast er eit nasjonalt prosjekt som skal stå på eigne bein og ikkje driva i konkurranse med regionale einskildprosjekt.

4: E16 mellom Arna og Voss er eit viktig prosjekt som må gjennomførast snarast råd utan at Hordfast treng leggjast bort av den grunn.

5: Det verkar rart at den politiske leiinga i Hordaland nærast takkar nei til eit nasjonalt prosjekt som vil ha stor verdi for fylket.

6: Fitjar kommunestyre vil be om at sentrale styresmakter ser bort frå uttalane den politiske leiinga i Hordaland fylkeskommune har kome med den siste veka. Planlegging og prosjektering av ferjefri kyststamveg og Hordfast må halda fram med uforminska styrke.»

Uttalen vert sendt til Stortinget, Regjeringa og fylkesutvalet i Hordaland.