Ingrid Hovstad informerer om prosjektet sitt. Foto Harald Johan Sandvik.

Ingrid Hovstad studerer lokalpolitikarane i Fitjar og Stord

I dag møtte ho kommunestyret i Fitjar.

 

Ingrid Hovstad studerer administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Denne våren skriv ho bacheloroppgåve om politikartypar og folkerøystingar.

Då passa det godt at det var folkerøystingar i Fitjar og Stord i fjor i samband med kommunereforma. Ho har laga ei spørjeundersøking til politikarane i dei to kommunane. Temaet er kommunesamanslåing.

- Annonse -

I dag var ho med i kommunestyremøtet, og ho orienterte kort om prosjektet sitt før ho delte ut spørjeskjemaet. Det var sett av tid slik at representantane kunne fylla ut skjemaet med det same.