Inge Halstensen i Kultursalen måndag kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Festleg og fengjande

Det kan vere stikkorda etter ei hyggjeleg stund i Kutursalen måndag kveld. Festleg og interessant foredrag av Inge Halstensen og fengjande og frisk song av Osternes Mannskor.

Det handla om jord og hav i vår vestlandske kystsoge.
Halstensen skuffa ikkje denne gongen heller, men heldt publikum i ande i rundt ein og ein halv time med gode historiske poeng og historier, der både skjemt og alvor fekk sin rettmessige plass. Denne gongen hadde han tre innleiingar.
I den eine trekte han fram fitjarfolk frå nyare tid. Folk som publikum kjende godt, og gav dei til dels saftige karakteristikkar. I ei anna innleiing som kanskje var hovudinnleiinga, starta han med ei omskriving av Petter Dass sin «Nordlands Trompet», og las: 

Vær hilset, I Fitjars bebyggende Mænd
Fra Verten i Huset til trælende Svend,

Vær hilset, I, Kofte-klæd Bønder!

Ja samtlig saa vel ud til Fiære som Field

Saa vel den der bruger med Fisken paa Gield

Som salter Graae-Torsken i Tønder.

– For det er koftekledde bønder, og han som saltar fisk i tønner det har handla mykje her langs kysten. Jord og hav – det er det som gjer at me bur her, sa Halstensen.

Han snakka vidare om kysten, om Golfstraumen som han ser på som ei Gudegåve til oss – og om utviklinga frå steinalderen til i dag. Alt på ein levande måte, slik berre han kan.

Ikkje minst peika han på at Fitjar heile vegen har hatt svært gode føresetnader for jordbruk. Men han fekk også svært tydeleg fram korleis både torsken og silda har vore til velsigning for landet vårt, og han lærte bort forskjellen på klippfisk og tørrfisk: Tørrfisken er berre tørka, medan klippfisken i tillegg er salta.

På slutten av foredraget var han òg innom Hans Nielsen Hauge og kva han betydde for landet vårt, med omsyn til både kristenliv og næringsliv.

Høveleg og spenstig song

Osternes Mannskor. Foto: Håkon C. Hartvedt

Osternes Mannskor starta kvelden ikledd gensarar og Bømla-luer. Heilt i tråd med settingen elles for kvelden.

Først eit par viser som Salhuskvintetten gjorde kjend: «Ror langs med land» og «Gryta hennar mor» og så  «Vårvise i naustet» som i følgje Inge Halstensen ikkje er skriven av Johannes Kleppevik, men av austevollingen Olav Stølsvik. Koret avslutta så med «Singel og sand».

Utruleg bra – som vanleg.

Dirigent Ole Christian Ottestad losa koret vel i hamn. Foto: Håkon C. Hartvedt