Lunt og nært, ståande rett nedanfor koret i Fitjar kyrkje, formidla forfattaren Edvard Hoem historia om sine foreldre i Fitjar kyrkje i kveld.

Godt frammøte var det også på denne temakvelden, der det óg var sett av plass til felles salmesong, akkompagnert av Benedikte Meyer på piano. Det sette dei frammøtte tydelegvis pris på. Sterk og god song fylte kyrkjerommet då det heile starta med ei norsk omsetjing av Amazing Grace, ført i pennen av nettopp kveldens gjest, Edvard Hoem.

Etter foredraget var det høve til å stille spørsmål, og nokre nytta seg av det. Fleire fekk òg kjøpt bok eller lydbok av forfattaren sjølv. Alt i alt var folk, etter det fitjarposten oppfatta, godt nøgde med kvelden.