Den siste finteljinga etter gårsdagens oppsamlingsheat syner at heile 130 deltakarar fullførte Fitjardalten i jubileumsåret.

Etter at 22 spreke kvinner og menn gjennomførte Fitjardalten måndag kveld, var det ein vel fornøgd arrangørstab som kunne gjera opp status for den 30. Fitjardalten. – Når ein tenkjer på ufyselege vêret, må me vera godt fornøgde med 130 deltakarar, seier Øyvind Skålevik i arrangementskomiteen til Fitjarposten.

Av desse 130 deltakarane er det 12 som har fullført Fitjardalten alle 30 gongene:
Per Børge Haugland
Eva Havn
Magnar Kloster
Kåre Nesbø
Magne Sakseid
Sylvi Thorland
Harriet Tverderøy
Ingebjørg Horgen Vik
Annar Westerheim
Rolf Vik
Per Audun Kloster
Odd Fitjar

Om dei klarer 30 gonger til, er vel heller tvilsamt, sjølv om enkelte allereie ser fram til 60-årsjubileet. Men vonleg ser me dei alle igjen til neste år og i mange år framover. Ein annan som me meir enn gjerne ser igjen, er søndagens suverene vinnar i konkurranseklassen, Tommy B. Laitinen. For tida er han busett i Tyskland, nærmare bestemt i Kröv i Moseldalen. Han har etablert seg der nede, og reknar med å ta seg ei utdanning der før han kjem tilbake til Noreg. Han fortel til Fitjarposten at framtidsplanane hans på friidrettsbanen er å kjempa om ein plass på det norske EM-laget i maraton i 2014. I så fall må han klara kvalifikasjonskravet på 2 timar og 17 minutt. På veg mot det målet vonar me han tar seg tid til ein tur til Fitjar neste år på jakt etter ny løyperekord i Fitjardalten.

Fullstendig deltakarliste kan me lesa på nettsida til Fitjar Idrettslag: