Fitjar G13 tapte 1-2 mot Trott i regnet på kunstgraset onsdag kveld.

13-åringane kom ikkje særleg godt i gang, og sleit i byrjinga mot kjappe trottarar. Og det var berre ein god Fitjar-keeper som gjorde at ikkje Trott tok leiinga. Men utover i første omgang jamna spelet seg ut, og Fitjar kom til fleire målsjansar. Fem minutt før pause gjekk heimelaget opp til 1-0, på sjølvmål, etter ein god corner av Jonas Aleksandersen. Dessverre heldt det ikkje heilt inn til pause, Trott utlikna til 1-1 i sluttsekunda.

I andre omgang heldt Trott fram med eit lite overtak, og etter rundt fem minutt la dei på til 2-1. Trott var svært nær 3-1 rett etter 2-1-målet, men Fitjar-keeper Jakob Mehammer drog fram ein flott beinparade. Fitjar kjempa godt heile kampen, og kunne med litt flaks greidd eitt poeng. Men alt i alt var Trott-sigeren fortent nok.

Fitjar sitt lag:
Jakob Mehammer, Marius Strand, Brede Hovland, Svein Arne Raunholm, Fredrik Vik, Kristian Prestbø, Arild F. Waage, Jonas Aleksandersen, Daniel Skapnes, Børge Skaar, Marcus Tislevoll. Innbytarar: Torstein R. Kjelling, Marius Storebø, Daniel Rolfsnes, Clement Bod.