13 år gamle Pål Haugen Lillefosse sette sist fredag verdsrekord i stav for 13-åringar. Dette skjedde på «Tyrvinglekene innendørs». Far hans er Arne Lillefosse frå Fitjar, og Gerd Lillefosse er bestemora hans. Foto: friidrett.no

 

Fredag den 13. vart såleis ein lykkedag for det unike fridrettstalentet som konkurrerer for IL Gneist i Fana i Bergen. Då hadde han allereie hatt europarekorden ei stund.

Hoppet er verdt heile 1214 poeng etter Tyrving-skalaen, og det er berre knappe dusinet stavhopparar, sjølv når ein reknar med seniorane, som hoppar høgare her til lands.

– Eg synest sjølvsagt at dette er kjempekjekt, seier ein stolt pappa, Arne, til fitjarposten.no. Han fortel at Pål trenar seks dagar i veka, og ikkje berre i stav. Han har òg svært gode resultat på 60 m hekk.

Me får òg vite at guten begynte å trene stav i 10-11-årsalderen, og at trenaren er finsk og heiter Paavo Moilanen.

Les meir på friidrett.no.