Dette er ikkje lov før 15. september. Arkivfoto FP/KR.  

Forbod mot å brenna bål

Brannvernforeininga minner om at det frå 15. april til 15. september er forbode å gjera opp eld nær skog og i all anna utmark utan løyve frå kommunen.

 

– Sjølv om brannfaren utandørs neppe er overhengande nordpå, er sesongen for gras-, kratt-, og lyngbrannar for lengst i gang i Sør-Noreg. Derfor er det viktig at folk respekterer bålforbodet, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening.

 
Han presiserer at det «å gjera opp eld» omfattar meir enn bålbrenning; det omfattar til dømes bruk av eingongsgrillar og andre bål- og peisinnretningar. 

Forbodet mot å brenna bål går fram av «Forskrift om brannforebygging», som gjeld frå 1. januar i fjor. Heile forskrifta kan du lesa på Lovdata.no.

I denne forskrifta frå 1. januar i fjor blei reglane endra noko. Ei viktig presisering er at bålforbodet gjeld i all utmark. Kommunene kan dessutan fråvika bålforbodet gjennom lokal forskrift, dersom lokale forhold tilseier det.

 
På den andre sida blei reglane oppmjuka slik at det no er tillate å brenna bål der det openbert ikkje kan medføra brann. Det er opna for å bruka sunn fornuft til dømes om du skal brenna eitkvart lite i hangen når det er regn eller snø, og det ikkje er nokon fare for at det skal utvikla seg til brann.

  
Brannvernforeininga sine kommentarar til «Forskrift om brannforebygging» kan du òg lesa på heimesida til Fitjar kommune

 

 

steroide anabolisant achat