Ingen fuglar syng finare enn måltrasta, her i toppen av ei gran på Sæterbø. Foto: Kjetil Rydland.

Måltrasta syng, det er vår!

Våren er høgsesong for fuglesong, og éin fugl syng kanskje endå finare og meir trolsk enn dei andre. 

 

På leiting etter andre vårteikn på Sæterbø skjærtorsdag morgon, blei eitt vårteikn sterkare enn noko anna, nemleg ein spesielt vakker fuglesong.

 

Lyden kom frå toppen av ei gran ved Orraskitekjeldo, der sat ei måltrast og song av hjartans lyst. Truleg var det ein hann som søkte ein make å setja bu saman med. 

 

Så flink er eg ikkje med fuglar at eg kan sjå forskjell på hann- og hofuglen. Hos måltrast er det liten forskjell på utsjånaden, i motsetnad til hos svartrasta. Det er berre svarttrasthannen som er svart. 

 

Måltrasta finst stort sett over heile landet. Så svært vanleg kan ho ikkje ha vore i min barndom. Då det dukka opp nokre måltraster på Rydland for snart 60 år sidan, var ikkje bestemor mi sikker på kva fugl det var. Det tar eg som eit sikkert teikn på at det ikkje var ein heilt vanleg fugl.

 

Men like fullt er måltrasta eit svært gledeleg vårteikn. Om du ikkje er så heldig å treffa på måltrasta ute, kan du høyra den vakre songen på nettstaden fuglelyder.net

Meir om måltrasta kan du lesa til dømes på Wikipedia eller på birdid.no