Spurvehauken i det faste grepet til Paul Lillenes. Foto: Privat.

Dagens fugl: Spurvehauk

Paul Lillenes er ein skikkeleg fuglekjennar, men det er sjeldan han kjem i slik nærkontakt med ein vill fugl som han gjorde her om dagen.

For nokre dagar sidan skvatt han skikkeleg av eit kraftig kraftig dunk mot glasruta i heimen sin. Han blei straks einig med kona at dette ikkje var noko småfugl som var ute og fauk.

Då han skulle sjå etter, låg ein stor spurvehauk i svime på utsida av det store stovevindauget. Som den røynde fuglekjennaren han er, tok han straks kontakt med spurvehauken for å undersøkja om det var liv.

Han seier at han merkar straks om nakken er knekt ved å ta fuglen under øyra. Det viste seg snart at fuglen ikkje var stort meir enn svimeslegen.

Paul fortel at han tok godt tak rundt knea til fuglen og løfta han opp. Ganske snart begynte fuglen å gjera motstand, og ville stikka av. Men Paul Lillenes miste ikkje fatninga, og fann fram mobiltelefonen sin. Dermed fekk han teke det sjeldne biletet du kan sjå ovanfor.

– Eg har hatt mykje kontakt med ville fuglar, fortel Paul Lillenes, og legg til at han ofte helsar på ein hønsehauk i nærleiken av heimen. – Men å halda ein spurvehauk rundt knea på denne måten, har eg aldri opplevd før!

Det høyrer med til soga at spurvehauken forlet Paul Lillenes på eigne vengjer.

Fakta om spurvehauk

Utbreidd i heile Noreg.

Byggjer reir i bartre.

Lever av småfugl og smågnagarar, men kan ta større fuglar som duer.

Trekkjer til Sør-Europa i september/oktober og kjem tilbake i mars/april, men enkelte overvintrar her.

Hannen er størst, 28–34 cm lang, og har eit vengjespenn på 58–65 cm.

(Kjelde: Fuglene i farger, Aschehoug & co. 1956)


Ein spurvehauk i full gang med det han kan best, å slakta ei skjor. Arkivfoto Fitjarposten / Kjetil Rydland.