Hrafn Thorsteinsson smiler lurt i kyrkja under Fitjarfestivalen i fjor. Arkivfoto FP / Kjetil Rydland

Fitjarfestivalen i rute

Årets festival ser ut til å vera i god rute, kan me slå fast etter ein samtale med leiaren i styret for Fitjarfestivalen 2017, Hrafn Thorsteinsson.

 

Ein fornøgd styreleiar, Hrafn Rappi Thorsteinsson, kan fortelja at han har landa fleire sterke namn til festivalen i august. 

Det største trekkplastreret er nok Gunslingers, som skal opptre på Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag 12. august. 

Eit anna spanande namn er det humoristiske hardrockbandet Black Ingvars frå Sverige. Dei skal opptre same stad rett etter Gunslingers. 

Du kan lesa meir om dei to største trekkplastera på heimesida til Fitjarfestivalen.

Eit anna velklingande namn som har meldt sin ankomst, er Klangboltane frå Stord; dei skal opptre i festivalteltet fredag ettermiddag. Dette blir eit gjensyn mange ser fram til, skulle me tru.

«Det var lett å sjå at folk verkeleg koste seg, og det skulle ikkje undra oss mykje om det vert gjenhøyr med denne gjengen ved eit anna høve òg», skreiv Håkon C. Hartvedt på Fitjarposten i fjor. No får han altså ønsket sitt oppfylt. 

 


Klangblotane under Fitjarfestivalen i fjor. Arkivfoto FP / Håkon C. Hartvedt. 

 

Ramma blir den same

Men ramma for Fitjarfestivalen i å blir mykje den same som før. 

Som i fjor opnar Fitjarfestivalen med eit sponsorseminar, onsdag 9. august i Kultursalen, Fitjar kultur- og idrettsbygg. Dette blir eit næringsseminar spesielt retta mot sponsorane til Fitjarfestivalen; i tillegg vil alle frivillige i arrangementet bli inviterte. 

 – P å denne måten ønskjer me å gi sponsorane noko tilbake, seier festivalleiar Thorsteinsson. Seminaret i fjor blei ein suksess, og opplegget blir om lag som i fjor, men med eit nytt tema.

Torsdag 10. august blir det, tradisjonen tru, konsert i Fitjar kyrkje. Denne er det fjorårets kulturprisvinnar, temagruppa i Fitjar kyrkje, som står for. I år opptrer Sigrid Moldestad, ein folkemusikar  med eit variert repertoar. 

Den offisielle opninga blir også i år fredag ettermiddag klokka 16, ved ordføraren. Då vil bodene og festivalteltet opna. 

Den lokale entertaineren Årstein Tislevoll vil vera i festivalteltet både fredag og laurdag.

 – Han vil ta ein trall når det passar, seier Rappi.

Etter at Klangboltane er ferdige fredag kveld, vil Årstein sørgja for eit vorspiel i teltet for dei som vil gå vidare til Fitjar Fjordhotell om kvelden. 

Billetten til kveldsarrangementet i teltet gjeld og på arrangementet på Fitjar Fjordhotell seinare på kvelden. 

Programmet laurdagen er mykje likt det me er vane med frå før. Bodgata og festivalteltet opnar klokka 10.00. 

Fiskefestivalen sviktar ikkje i år heller; den 50 år gamle festivalen er den eldste i sitt slag me kjenner på Vestlandet. Også her blir opplegget som vanleg, i dei trygge hendene til Vidar Larsen og medhjelparane hans. 

Bondelaget er ein gammal samarbeidspartnar. – Me har vore i samtale med dei, og håper dei blir meir synlege i år, seier Hrafn Thorsteinsson, me ønskjer å få dei vist fram på ein god måte. Han reknar òg med at 4H vil vera på plass. Og ikkje minst veteranbilane.

I fjor prøvde dei noko nytt, nemleg såpefotball, nedanfor Sjøstrand. Dette er ein idé Rappi har med seg frå Island, men det var ikkje så mange som var med.  – I år veit folk kva det går i, og me trur fleire melder seg på i år, seier Rappi.

Søndag held dei fram tradisjonen med utegudsteneste på kaien. Festivalleiaren  reknar òg med å få til spøteløp og kakekonkurranse. 

 

Nye planar for søndagen

I tillegg til dei velprøvde innslaga søndagen, vil dei i år prøva å få til ei omvising på Osternes festning. Han har alt vore i kontakt med Odd Jarl Larsen i venelaget. 

Dei vil òg prøva å få  til ei omvising til fjells og i Kråko. Nytt av året blir eit arrangement i bryggjerihuset på Port Steingard. 

Rappi legg til at festivalen i år satsar på lokal leverandør av øl, eit parti med Fitjarfestival-øl  med eigen festivaletikett. 

Vidare drøymer festivalleiaren om å få til noko i krinsane Stranda og Selevik, men han har ikkje landa noko konkret enno. 

 

Speakerteneste og hovmeister

Inger Elin Helland har kontroll på maten i år òg. – Menyen er klar, seier Rappi – og det blir ein spennande meny!

Som i fjor vil det bli speakerteneste på kaien under festivalen, og ein stødig mann har allereie teke på seg oppdraget. 

Nytt av året blir ein hovmeister som vil hjelpa folk til rette i teltet både laurdag og søndag.

 – Me vil ha ein dertil oppdressa restaurantvert som tar imot folk i teltet og informerer om køordning og bongsystem.

 

Sats på vipps!

Folk vil også i år kunna betala med reine pengar, men festivalleiinga ønskjer redusera handteringa av kontantar. 

– Me vil ha mest mogleg digital betaling , seier bankmannen i festivalleiinga. 

Det vil bli høve til å betala med bankkort på vanleg kortautomat, men han vonar flest mogleg vil nytta vipps. Derfor vonar han flest mogleg lastar ned vipps-appen på førehand. 

Til dei som har angst for slike nymotens greier, opplyser festivalleiaren at den eldste vipps-brukaren i Noreg er 97 år. 

– Dette kan alle, slår Rappi fast.

 

Festivalstyre med ungdomskontaktar

Styret for Fitjarfestivalen 2017 ser slik ut:

Hrafn Thorsteinsson (leiar), Geirmund Aga (økonomi), Inger Elin Helland (matansvarleg), Ingrid S. Bergesen (booking og ungdom) Øyvind Fitjar (artistkontakt). Bent Jarle Brenne (bodgata), Elin Kvia Rydland (bondelaget), Ida Marie Heggøy (ungdomskontakt) Silje Martine Nesbø (ungdomskontakt). 

Festivalleiaren gler seg over at ungdommen er godt representert, og ønskjer å gi ungdommen høve til å arrangera ein eigen «festival i festivalen».

Derfor vil dei på neste møte i festivalstyret  ha med representantar frå Fitjar ungdomsråd. Festivalleiaren rosar kultursjef Bente Bjelland for at ho har fått på beina eit særs oppegåande ungdomsråd.

Planen er at dei skal få høve til å få til eit arrangement i «Fitjartun», seier Rappi.  – Me støttar ungdommane, blant anna med å laga budsjett for dei. 

Stor velvilje

– Velviljen er til å ta og kjenna på, seier ein optimistisk festivalleiar, og stadfestar at mange sponsorar allereie på plass. Det same er nøkkelpersonar til straumforsyning og rigging. 

Som i fjor har Fitjarfestivalen ein ny, flott plakat på gang, med bilete som Per Egil Larsen har teke. Den blir mist like fin som i fjor, seier festivalleiaren, og gler seg til å presentera den.

Alle søknader og formalitetar skal vera på plass, og festivalen ser ut til å vera i god rute. 

– Me er i god rute, det hjelper å ha vore med ein gong før, og me ser med forventning fram til Fitjarfestivalen!

Og me har bestilt fint vêr! seier ein optimistisk Hrafn Thorsteinsson til slutt.