Hegre i flukt, med den lange halsen sin i karakteristisk S-form. Foto: Kjetil Rydland.

Dagens fugl: Hegre

Hegre er ingen uvanleg fugl på våre kantar, men han er så pass stor at han er eit imponerande syn om du kjem på nært hald.

 – Treffer du ein hegre, kan du berre gå heim, sa far min. 

Han tykte hegren var ein stygg og simpel fugl, noko som blei ekstra understreka av at han lét beina henga i lause lufta når han fauk. Han gadd ikkje ein gong trekkja beina opp under seg …

Det kan verka som om han meinte hegren var ein ulukkesfugl, som det gjaldt å halda seg vekke frå. Men det er ikkje inntrykket me får om me spør oss for om hegren på internett og andre stader. 

Ein interessant omtale av hegre finn me på nettstaden Troll i ord – «En ukristelig blanding paganisme og heksekunst». 

Her blir det tvert imot sagt at det var eit godt omen når hegren dukka opp. Hegren er den mest nøysomme av alle fuglar, og varslar uvêr; han hatar regn, og då flyg han over skyene. 

 
Hegren er ein svært stor fugl, samanlikna med nesten alle andre fuglar i naturen vår. Han kan bli rundt ein meter lang, og vengespennet er på 155–175 cm. Vekta på ein vaksen fugl kan koma opp i 1,4 kg. 

 
Vanlegvis blir denne fuglen kalla for berre hegre, tidlegare sa me alltid «higre» her på Fitjar. I bøkene heiter han hegre, gråhegre eller fiskehegre, og høyrer til hegrefamilien, ein talrik familie i ordenen pelikanfuglane.

Gråhegren finst i nesten heile Europa, bortsett frå Island, og bestanden hos oss er aukande. Her i landet er han vanleg i kystområda frå Østfold til Nord-Troms; i Sør-Noreg er han standfugl, og i nordlege strøk er han trekkfugl

Hegren byggjer reir høgt oppe i store tre eller på berghyller.

Han er ofte å finna ved næringsrike elvar og vatn eller langs sjøen. Me møtte på han i vasskanten i Søra Tjødno, der vegen går til Svartasmoget. 

Hegren lever for det meste av fisk, men også småfugl, frosk, padder og egg. Når han fiskar, viser han stort tolmod og kan stå heilt i ro i vassskanten i fleire timar medan han ventar på eit freistande bytte. 

På nettsida til NRK Hordaland finn du ei flott skildring av ein hegre som fiskar like ved E39 på Minde.  

 


Hegre i flukt. Foto: Kjetil Rydland.


Hegren går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.

 


Ser hegren seg om etter ein stad der han kan stå og venta på fisk? Foto: Kjetil Rydland. 

 


Hegren er ein stor og flott fugl, og ingen ulukkesfugl! Foto: Kjetil Rydland.