Mange flotte gevinstar er allereie på plass. Foto: Håkon C. Hartvedt

Snart ny basar på FBB

Fitjar Bu- og Behandlingssenter er snart klar med  sin årlege basar.

Basaren finn stad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, torsdag, 30. mars kl 16.00

Det vert åresal, loddbok, og servering, av kaffi og kake, musikk og allsong.

Inntekta går som før til trivselstiltak ved Fitjar Bu- og Behandlingssenter

Musikkinnslaget står Eirin og Johannes Moldestad Oma( fiolin ) og Sofie Rimmereid, (piano) for.