Anne Renate Berntsen på toppen av sigerspallen i Sotra Arena. Foto: Privat.

Fitjar fekk ein ny norgesmeister i JKA karate i går.

Anne Renate Berntsen frå Fitjar vann gull i kata (mønster) og bronse i kumite (kamp). Ho stiller i klassen damer 50+, 3kyu-Dan.


Anne Renate Berntsen med premiar etter første- og trejeplass i gårsdagens NM i Sotra Arena. Foto: Privat.

I tillegg kom Fitjar-jenta Victoria Maraas høgt opp på premielista; ho kapra ein fin fjerdeplass i kata, jenter 13–14 år 3-1 kyu. Også Alexandra Maraas gjorde ein god innsats, men rauk ut i innleiande rundar.

Det var ny deltakarrekord i dette NM i JKA Karate. 159 deltakarar frå 13 år til over 50 år deltok i Sotra Arena i går.


Fornøgde fitjarbuar i Sotra Arena. F.v. Terje Hillestad, Bjarte Maraas, Alexandra Maraas, Anne Renate Berntsen, Victoria Maraas og Sukhwinder Koløen. Foto: Privat. 

JKA Norway er den norske delen av den verdsomspennande organisasjonen JKA/WF (Japan Karate Association / World Federation). JKA/WF er den leiande Shotokan-organisasjonen med klubbar i meir enn 116 land utanfor Japan.

Sjå nettsida til JKA World Federation.