Hans Kristjan Kristjansson kontrollerer bobla til Håvard Helland. Foto: Privat.

Årskontroll for Fitjar Racing Team

I går blei sju av bilane til Fitjar Racing Team kontrollerte, og no er dei løpsklare til sesongen 2017.

Fem håpefulle bilcrossførarar møtte fram med bilane sine i går då Hans Kristjan Kristjansson kom for å gjennomføra den tekniske årskontrollen. Og det blei ein vellykka dag både for kontrolløren, dei unge førarane og ein liten flokk skodelystne.

Bilførarar og støttespelarar i racingteamet på plass i verkstaden på Rydland. Foto: Privat. 

 

For å få lov til å delta i motorsport må du ha bilen i forskriftsmessig stand, etter reglane til Norges Bilsport Forbund. Autorisert kontrollør i området vårt er Hans Kristjan Kristjansson frå Tysvær, og søndag ettermiddag gjekk han gjennom sju løpsbilar på Rydland.

Det er ei rekkje punkt som må oppfyllast for at bilen skal bli godkjend. Motoren skal gå slik at nødstopp kan sjekkast; ein bil som ikkje startar heime, gjer det ikkje nødvendigvis på løp heller. Det skal ikkje førekomma lekkasjar av bensin, olje eller eksos, og feste til bensintank, batteri, skliplater, sete, selar, leidningar, røyr og slangar blir sjekka grundig. Bilen skal vera retta og måla og reingjort utvendig og innvendig, og rustskadar må sveisast. Bremsar og bremselys må òg vera på plass, og understellsnummert skal vera lesbart.


Gisle Aarbø fekk bilen sin godkjend, og har grunn til å vera fornøgd  med dagen. Foto: Kjetil Rydland.

I løpet av dagen gjekk Hans Kristjan Kristjansson gjennom sju bilcrossbilar. Gisle Aarbø, Håvard Dalen og Mari Lønning stilte med kvar sin Ford Sierra. Håvard Helland fekk ei VW boble godkjent, og Oliver A. Matre hadde heile tre bobler til godkjenning. Det såg ut til at alle førarane som stilte opp hadde gjort ein god jobb på førehand, og alle bilane blei godkjende.

Kontrollør Kristjansson var godt godt fornøgd med det han såg. Han hadde ingen problem med å godkjenna bilane; det var berre eit par småting å setja fingeren på, seier han.

I tillegg til dagens bilar har Fitjar Racing Team to andre bilar klare for sesongen. Ailin Vik har fått sin Opel Corsa godkjend på kontroll i Sandeid. Der har òg Ole Lønning vore med sin Volvo 145.


Ikkje alle har like mange VW-bobler som Oliver A. Matre. Foto: Privat.