Anna leiar an i spurten. Foto: Privat. 

To KM-gull til Fitjar i terrengløp

Under Parkløpet på Stord i går gjekk Fitjar-løparane Johannes og Anna Sandvik Bø heilt til topps i klassane sine, og sikra seg med det KM-gull i terrengløp.

Dei yngste deltakarane frå Fitjar i rekruttklassen; Tori Torbjørnsen (8), Mikael K. Vik (9) og Gard Sandvik Bø (6) suste gjennom søle og gjørme på golfbanen inn til velfortente deltakarmedaljar på sine 300-meterdistansar.


Marius Pedersen inn til 2.-plass i tiårsklassen. Foto: Privat.

I dei litt eldre klassane var det først Bjart Sandvik Bø og Marius Pedersen sin tur til å trassa vêrforholda i tiårsklassen, over 600 meter. Marius inn til ein flott 2.-plass, og Bjart like bak inn til 4.-plass, i den konkurranseklassen med flest deltakarar.

11-åringane Johannes Sandvik Bø, Marius K. Vik og Adrian Vik tapetserte pallen med tredobbelt Fitjar framfor eit kobbel stordabuar. Også dei på 600 meter.

 


Johannes Sandvik Bø, Marius Pedersen og Adrian Vik (10) alle FItjar på pallen. Foto: Privat.

 

 
13 år gamle Anna Sandvik Bø kopierte broren med eit nytt KM-gull til Fitjar i eit knallhardt spurtoppgjer med tilreisande bergensarar på sin 800 meter.  

 
På same distanse viste eldstemann i troppen denne gongen, Marius Torbjørnsen, fine takter med sin 3.-plass i 14-årsklassen.

Også øvrebygdarane Isabell H. Skumsnes (f. 2005), Linnea Kleppe Nordbustad (f. 2005), Melissa-Kristin Kleppe Maraas (f. 2008) Elise de Fine Olsen (f. 2006), Camilla Vik (f. 2005) gjorde ein fin figur. 

Resultat frå Parkløpet finn du på nettsida stordfriidrett.no

http://stordfriidrett.no/_extension/media/321/orig/Resultat%20KM%20og%20Parklopet.pdf