Sindre Aarbø, i midten, får instruksjonar av to eldsjeler, Rolf-Atle Rolfsnes t.v. og Øyvind Skålevik. Arkivfoto FP: Kjetil Rydland.

O-sesongen startar med nybyrjarkurs

Orienteringsfolket er klar til å starta sesongen, og i ettermiddag skipar dei nybyrjarkurs i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

 

På nettsida til o-gruppa til Fitjar Idrettslag ser me at dei har ei rekkje tilbod i sesongen som står for døra, til både unge og eldre, nybyrjarar og meir rutinerte.

 

Nybyrjarkurs i orientering

I ettermiddag kl. 17–19 blir det nybyrjarkurs i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her vil ein gå gjennom teorien for nye o-løparar og andre som vil friska opp att kunnskapen om kart og kompass.

Kurset held fram med praksis frå ballbingen i Rossneset onsdag 15. mars til same tid. Dette blir også «Friluftsliv for alle-dagen». Her blir det enkle o-løyper og andre aktivitetar for alle. O-gruppa lokkar med fyr på grillen og servering av gratis pølser og saft.

Om du vil førebu deg litt til nybyrjarkurset, foreslå me at du går inn på denne nettsida og les om Kartteikn for nybyrjarar.

 

Stolpejakt

Stolpejakt vart eit nytt tilbod frå 2014-sesongen. O-gruppa jobbar med å få på plass nye og fleire stolpar i stolpejakta.

Nytt gratis stolpejakt-kart kan hentast i stativ ved Spar i Larsenbygget eller i kultur- og idrettsbygget frå 11. mars.

Karta kan etter kvart også lastast ned frå frå internett.

 

Turorientering

TurO-postane vil vera på plass frå rundt 25. mars til 31. august.

Heile turorienteringsposen kan kjøpast på MX Sport, Videoen og Fitjar Fjordhotell frå 25. mars, og alle karta kan kjøpast eller lastast ned frå http://turorientering.no/fitjar

O-gruppa i Fitjar har hatt TurOrientering nesten kvart år sidan 1974. Frå 2007 har dei kvart år også hatt TurO på internett. Du kan registrera deg på nettet i dag, og kjøpa TurO-materiell i dei vanlege utsala på Fitjar: MX-sport/Larsen, Videoen og Fitjar Fjordhotell.

Posane kostar 200 kr i butikk og inneheld det du treng. Du får kjøpt ekstra kort dersom det er fleire i familen som vil registrera kodar; borna vil helst ha kvar sitt.

 

 

Travel sesong 

All nødvendig informasjon har o-gruppa samla i eit sesonghefte og på nettsidene. Her finn du ein aktivitetskalender med oversikt over o-gruppa sine lokale løp og arrangement. Du finn òg andre aktuelle løp som det kan vera aktuelt å vera med på. 

Finn fram-dagen blir arrangert ved Olstjødno søndag 23. april, og det blir o-løp kvar onsdag kl. 17.30 heile sesongen.

 

Følg med på Fitjar IL og o-gruppa sine nettider: http://fitjaril.no/

Me ønskjer god tur!