Me kastar mindre 

Innbyggjarane i Sunnhordland kasta i snitt 448 kg kvar i 2016. Det er 20 kg mindre per person samanlikna med 2015, då kvar og ein av oss kasta 469 kg. Nedgangen deler seg jamt på alle fraksjonar. 

– Me veit ikkje årsaka til at avfallsmengdene har gått ned. Det vert i så tilfelle spekulasjonar. Men me har erfart tidlegare at nedgangstider i økonomien gjev utslag på mengda avfall. Kor vidt det er årsaka eller at det skuldast ein meir medviten trend blant innbyggjarane, vil tida vise, seier plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy. 

Mengdene på innsamlingsruta, altså det som vert henta heime hjå folk, held seg nokolunde stabil. Nedgangen her er på 1 prosent. Medan mesteparten av nedgangen viser seg på det som vert levert til miljøsentralane. Noko som i og for seg er uvanleg, særleg sidan besøkstalet på miljøsentralane stadig aukar. I fjor var nær 70 000 kundar innom ein av SIM sine miljøsentralar, ein auke på om lag 4,7 prosent, samanlikna med 2016.