Eit av dei siste bileta Nina har måla. Storleik 100 x 70 cm (lxb). 

Utstilling ved Nina Aarbø Olsen

Med temaet  «Perler på jorda og skattar i himmelen» opnar Nina Aarbø Olsen utstilling i Galleri Losjen laurdag 11. mars klokka 15.00.

Holy Spirit. Storleik: 70 x70 cm.

Som det etter kvart har blitt ein tradisjon ved utstillingsopningar i Galleri Losjen, vert det òg denne gongen musikk- og lyrikkinnslag i samband med opninga – og det vert enkel servering.

Denne utstillinga, som òg er Nina si debututstilling, kunne vert kalla «Litt forskjellig», for måleria er svært forskjellige. Det har sin bakgrunn i at Nina ikkje klarer å halda seg til ein type stil, eller teknikk. Ho lengtar heile tida etter å læra noko nytt, til å skapa det utrykket som ho ønskjer seg der og då. Det kan vere alt frå vakker natur, stemningar – eller opplevingar og bibelske sanningar. 

Den einaste fellesnemninga, er at Nina hovudsakleg held seg innafor den figurative sjangeren, og at  ho er veldig glad i blåfargar. Kanskje klarer ho å bestemma seg for ein stil med tida? 

– Velkommen til ei variert og fargerik utstilling, laga av ei vaskeekte fitjardame som elskar å laga bilete av jorda sine «perler» og himmelen sine skattar, seier kultursjef Bente Bjelland.

«Av Guds nåde er eg den eg er». Storleik 40 x 30 cm.

Meir om Nina Aarbø Olsen
Nina er som kjend  fitjarbu og har alltid vore glad i å teikna. Gjennom heile skulegangen var veldig glad i å illustrert arbeidsbøkene sine med teikningar når ho hadde sjansen til det. Men det var først då ho vart ferdig med vidaregåande og bibelskule, og skulle velja utdanning, at ho kjende at tida var inne for å prioritera dei kunstnariske sidene sine. 

Ho valde å gå tre år på lærarutdanninga for estetiske fag på Høgskolen i Telemark på Notodden i åra 2006-2009.

 – Dette vart nokre fantastiske studieår med fag og studiemiljø som eg treivst svært godt med. Endeleg i gang med fagområdet som i mange år hadde lagt på is, seier Nina. Hos har òg gjennomført eit par målekurs hos biletkunstnar Tor Olav Lunde.

 Ho måtte likevel la dette liggje ei stund att.  Ho flytta heim til Fitjar, og tre søte ungar kom som perler på ei snor. Og mellom permisjonane tok ho grunnskulelærarutdanninga på HSH, så maling vart det lite tid til i mange år. Men draumen, og kallet som det etter kvart har blitt, om å laga bilete, har berre blitt sterkare og sterkare.

 Så i 2016 bestemte Nina seg for å gjera noko med det. Ho opna fastlimte malingstubar og bles støv av påbyrja måleprosjekt og byrja å måle att. Det gjekk ikkje lang tid før gleda over å måle bilete var tilbake att, og det kjendest rett.

Storleik 40 x 50 cm.