Karvel Strømme med eit engasjerande foredrag om Island og Snorre Sturlason. Foto: Kjetil Rydland.

Årsmøte i Fitjar sogelag

Karvel Strømme og Snorre Sturlason var trekkplaster då Fitjar sogelag avvikla årsmøtet sitt på Seniorsenteret onsdag kveld.

 

Om lag ein tredel av dei 50 medlemmene i sogelaget møtte fram på årsmøtet i Fitjar sogelag.

 

Allsidig aktivitet med Fitjarminne i sentrum

Leiar Bård Inge Bø gjekk gjennom årsmeldinga og dei viktigaste prosjekta Fitjar sogelag arbeidde med i året som gjekk. Som vanleg var hovudarbeidet å gi ut Fitjarminne, eit sogeskrift som har blitt svært godt motteke blant publikum.

Andre prosjekt har vore skiting til Kolerakyrkjegarden og Misjonsåkeren, restaurering på Longøyo og ein sogekveld med arkeolog Frode Iversen. 

Av årsmeldinga gjekk det fram at Fitjar sogelag har 50 betalande medlemmer, som får Fitjarminne inkludert i medlemsavgifta. Sjølv om talet er mykje lågare enn det ein skulle ønskja, har det dobla seg på to år.

 

Facebook-sida til Fitjar sogelag har heile 862 medlemmer, og her er aktiviteten stor. Det blir lagt ut gamle bilete, som det blir skrive mykje om. 

 

Stabilt styre

Valet blei fort og smertefritt avvikla med gjenval av dei fleste styremedlemmene. Bård Inge Bø held fram som leiar, og dei andre styremedlemmene held fram, bortsett frå Leif Rune Vestvik, som går ut av styret.

Etter valet ser styret i Fitjar sogelag slik ut: Bård Inge Bø, Magnar Kloster, Harald Westerheim, Rasmus Fitjar, Marta Eidet Helland, Alf Gjøsæter, John Arvid Skumsnes (ny) og Christer Aarbø (ny). 

 

Spanande kåseri om maktmennesket og skalden Snorre Sturlason

Den lokale islandskjennaren vår, Karvel Strømme, har sett seg inn i islandsk historie og gav ei levande skildring i foredraget «Snorri Sturluson; liv og lagnad» med tema: – Korleis var han … eigentleg, skalden, høvdingen, politikaren, historieskrivaren og historikaren Snorri Sturluson?.

Karvel Strømme tok oss med gjennom livet til den kjende islandske skalden og politikaren som har vore så viktig for norsk nasjonalkjensle, frå han blei fødd på Kvam på Island i 1178/79 og til han blei drepen på Reykholt 23. september 1241.

Snorre er mest kjend som forfatter av Den yngre Edda og Heimskringla, Snorres kongesagaer, eit dei viktigaste bokverka i Noreg. Karvel gav oss ei levande skildring av ein samansett personlegdom, som nettopp av den grunn var i stand til å sjå saker frå ulike sider. 

Gjennom giftarmål – både sine eigne og dei til døtrene sine – opparbeidde Snorre Sturlason seg stor makt og rikdom på Island. Ei tid hadde han det høgaste embetet på Alltinget, som lovseiemann.

Snorre reiste to gonger til Noreg, siste gongen i 1237–39. Han var sterkt involvert i maktkampen mellom den norske kongen Håkon Håkonsson og Skule jarl, seinare hertug Skule. Etter at Snorre hadde støtta Skule, som tapte kampen, fall Snorre i unåde hos den norske kongen. I 1239 forlet Snorre Noreg mot kongens forbod. «Ut vil ek!» sa Snorre då han reiste. 

Kong Håkon Håkonsson gav den tidlegare svigersonen til Snorre, Gissur Þorvaldsson, i oppdrag å drepa Snorre. Og saman med ein flokk andre menn oppsøkte Gissur Snorre på garden Reykholt og tok livet av han 23. september 1241.

Dei som ikkje fekk kåseriet med seg i går, får sjansen igjen førstkomande søndag. Då vil Karvel halda det same kåseriet i Moster amfi.