Dyra syng for Bamsefar som fyller år. Foto: Kjetil Rydland.

Takk til dyra i Hakkebakkeskogen!

Femteklassingane på Rimbareid skule gav oss ei oppleving me aldri vil gløyma då me slo lag med barnehagane i føremiddag og blei med på framsyninga «Dyrene i Hakkebakkeskogen».

Med eit smittande overskot av liv og godt humør gav elevane oss ei strålande oppleving, ein god porsjon glede å ta med ut i ein regntung februardag.

Lærar Johannes Olsen minte barnehageungane om sitja stille før framsyninga begynte, men det var heilt unødvendig. Straks dei speleglade femteklassingane kom i gang, blei det heilt stille i salen, og alle følgde med i spenning.

Denne framsyninga har etter kvart blitt ein tradisjon på Rimbareid skule, og elevane har i alle år imponert oss. Etter å ha sett fleire versjonar har me vanskeleg å seia at nokon årgang er betre enn ein annan. Men om eg skulle velja, måtte det vera dagens framsyning!

Å trekkja fram enkeltelevar er heilt unødvendig etter å ha sett alle engasjera seg både i song og spel, og med praktiske oppgåver undervegs. Gjennomført stødig og sprudlande av liv heile vegen.

- Annonse -

Men me synest dei greidde å setja ein ekstra spiss på opplevinga med små replikkar som neppe Torbjørn Egner har skrive. Til dømes replikken til Mikkel Rev, som seier han må gå heim og henta pengar. – Men du kan jo berre vippsa!

Elles var det ekstra sporty og effektfullt då Hanna Lovise Vestbøstad som Bestemor Skogmus brått segla i ein løypestreng utover mot publikum.

Lærarane Ane Synnøv Haaland Olsen, Anne Helene Vestbøstad og Johannes Olsen fortener honnør for ei gjennomført strålande framsyning, som heile tida overgjekk alle forventningar. Det same gjer lærarane til førsteklassingane, som og var med.

Men mest ros skal alle elevane ha – for å dela sitt overskot av glede med oss. Takk!


Bestemor Skogmus i Hanna Lovise Vestbøstad sin skapnad heng i løypestreng over publikum. Fantastisk! Foto: Kjetil Rydland.


Bjørnemor Sunniva Vik og Brumlemann, spelt av Kasim Omer Ali. Foto: Kjetil Rydland.


I kakebakebutikken, f.v. bakarhjelpar Magnus Torvund, bakarguten Hanna K. Vestbøstad og bakarmeister Harepus, Celina Bernes. Foto: Kjetil Rydland.


Johannes Sandvik Bø som Mikkel Rev og Eline Stokken som Klatremus. Foto: Kjetil Rydland.


Stopp ikkje mobb, dette er kameraten min! Foto: Kjetil Rydland.


Bamsefar, Marius K. Vik, i blå genser blir gratulert med dagen. Foto: Kjetil Rydland.