Mange næringdrivande har ikkje høve til å nytta nynorsk sjølvmelding. Foto: Kjetil Rydland.

Kommentar til nynorske sjølvmeldingar

Statistikken over sjølvmeldingar på nynorsk og bokmål som me viste til for eit par veker sidan, kan vera litt misvisande som uttrykk for nynorsken si stilling.

 

Gode kjelder innan rekneskap her i Fitjar har gjort oss merksame på at det mange som i praksis må bruka sjølvmelding på bokmål anten dei vil eller ikkje.

Det har seg nemleg slik at fleire rekneskapsfirma nyttar system som berre tilbyr sjølvmelding på bokmål.

Dermed er det ein del næringsdrivande i Fitjar som må levera sjølvmeldinga på bokmål. Dette gjeld til dømes ein god del bønder.  

Me vel me å tru at mange av desse hadde nytta nynorsk om dei kunne, etter som eit klart fleirtal av oss fitjarbuar totalt bruker nynorsk sjølvmelding.

Derfor er det grunn til å tru at ein god del fleire enn dei 80 prosent me viste til sist, ville føretrekt nynorsk. 

Konklusjonen vår frå den førre artikkelen vår, om at nynorskprosenten ikkje er så låg som me hadde mistanke om, står fast. Kanskje står nynorsken endå litt sterkare enn tala frå sjølvmeldingane tilseier.