Leif Arild Steen og Tor Øyvind Skeiseid som munkar i 1517, t.h. Svanhhild Eggebø Spanne. Foto: Kjetil Rydland.

Humoristisk historietime i kyrkja

Nesten to timar brukte Ryfylke Livsgnist på å gå gjennom 500 år med luthersk historie, frå Martin Luther starta reformasjonen i 1517 til den norske lutherske statskyrkja blei avskaffa i 2017.

 

Rundt 100 kyrkjefolk hadde funne vegen til kyrkja for å vera med på denne spesielle historietimen. Ein god del av desse kom frå Stord. Me må nok vera samde med Ryfylke Livsgnist sin avslutningsreplikk: – Og neste gong tar du med deg nokon nye!

 


Teologiprofessoren i Leif Arild Steen sin skapnad med dei 95 tesane som Luther hengde opp på slottskyrkja i Wittenberg. Foto: Kjetil Rydland.

Men dei som kom fekk god valuta – om ikkje avlat – for pengane. Rett nok starta det litt seigt. Dei drog historia heilt tilbake til 1517 då Luther hengde dei 95 tesane mot avlatshandelen på slottskyrkja i Wittenberg. Kulissane var fine og illustrative, men me sleit faktisk med å høyra kva som blei sagt. Spesielt hos Leif Arild Steen som teologiprofessor svikta diksjonen.

 


Paven (Leif Arild Steen) lyser Martin Luther i bann. T.h. med gitar Einar Olsen. Foto: Kjetil Rydland.

Kanskje var det nerver, for det kom seg etter kvart som både han og medspelarane hans blei varme i dei ulike «trøyene» sine. Dei skifta effektivt kostyme rett bak veggen som utgjorde kulissen. Dei blei varme i stemmebanda og gav dei takknemlege tilhøyrarane ei hyggestund med mykje god kunnskap. Dei fleste av oss som var til stades, har ganske sikkert betre oversikt over den 500 år lange lutherske kyrkjesoga enn nokon gong, etter dette historiske skråblikket, som Ryfylke Livsgnist kallar framsyninga si.

 


Martin Luther (Tor Øyvind Skeiseid) har sett seg ned for å omsetja Bibelen til tysk. Foto: Kjetil Rydland.

 

Manusforfattar Tor Øyvind Skeiseid var flott som Martin Luther, kanskje spesielt i sekvensen som ektemann. Det same var Svanhild Eggebø Spanne som kona hans, Katharina. Sistnemnde utmerkte seg òg med ei fin songstemme, og ikkje minst med sjarm og formidlingsevne. Framføringa av Lina Sandells Bred dina vida vingar var eit absolutt høgdepunkt i programmet.

Som Tor Øyvind Skeiseid seier sjølv, handlar framsyninga meir om oss sjølve enn om Luther, om kvifor me blei slik som me blei. Parodien på misjonsbasaren og trekninga av den siste gevinsten var ubetaleleg, og vekte stor og velfortent åtgaum i kyrkjebenkene. I det heile såg det som om Ryfylke Livsgnist trefte publikum heime med humoren sin, og det var absolutt ei takknemleg forsamling som avslutta historietimen med å stemma i den mest kjende salmen til Martin Luther: – Vår Gud han er så fast ei borg.

 


Svanhild Eggebø Spanne som misjonskvinne. Foto: Kjetil Rydland.