Fylkesrådmannen vil redusere fart og filer på E39

Fylkesrådmannen i Hordaland synest kostnaden på 43 milliarder kroner for ferjefri E39 sør for Bergen er for høg. No vil han gå tilbake til dei opprinnelige planane om to felt. Dermed vil også fartsgrensa bli redusert frå 110 km/t til 90 km/t.

– Ei løysing på fire felt trekkjer kostnadane opp. Derfor peiker vi på et alternativ for å få utgiftene ned igjen, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal til NRK Hordaland.

– Planen om Hordfast som del av ferjefri E39 vart i fjor rekna til å koste 43 milliardar kroner, meir enn dobbelt så mykje som overslaga som blei gjort fem år tidligare. Brua over E39 vil bli det dyraste og største vegprosjektet i Norge nokosinne om det skal gjennomførast, heiter det vidare på NRK Hordaland sine nettsider.

Prisen kan i verste fall velte heile prosjektet.

Les meir på NRK Hordaland.