Tore Nesbø med teikningane av det nye legesenteret som snart står ferdig. Foto: Kjetil Rydland.

Snart tre legar på plass i nytt legesenter

Det nye legesenteret i den gamle tannklinikken ved Fitjar bu- og behandlingssenter er i ferd med å bli ferdig, og vil snart ta imot tre legar.

 

Vedtak om lokalisering og løyve til oppstart, vart gjort i kommunestyret 27. april, og kom som resultat av ein lang diskusjon. Mange alternativ var oppe før Fitjar kommune landa på denne løysinga. 

 

Men då vedtaket først var gjort, har det gått rimeleg fort å gjera den nedlagde tannklinikken om til legesenter. Ifølgje brann- og driftssjef i Fitjar kommune, Tore Nesbø, vil det nye legesenteret bygningsmessig vera klart 6. mars. Han kjenner seg trygg på at det vil bli ferdigbefaring i god tid før opningsdatoen. 

 

Fordelen med denne løysinga er at ein får brukt kommunen sin eigen bygningsmasse. Det er mange år sidan det blei klart at tannklinikken kom til å bli lagt ned, og Hordaland fylke har fjerna det som høyrde til tannklinikken. Det har ikkje vore ikkje andre planar for arealet der, så bygningen kunne elles ha blitt ståande tom. 

 

Det er snakk om ei ombygging til vel 4 millionar kroner, fortel Tore Nesbø. Engevik & Tislevoll har hatt hovudentreprisen, og koordinert dei ulike faga. Engevik Bygg har hatt ansvar for mur og flis og Interiørservice Stord måling og golvlegging. Vidare har Arskog Elektro, Stord Rørleggerforretning, Fronta Ventilasjon har hatt ansvar for sine fag.  

 

Det vil bli inngang på same staden som den nedlagde tannklinikken. Det er laga ny parkeringsplass i nord, mot Gamle Havnavegen. Ved det nye legesenteret er det handicap-parkering, parkering for legevakt og plass til ambulanse rett utanfor skadestova. 

 

Helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen seier til Fitjarposten at det nok vil ta litt tid å gjennomføra flyttinga. Ein god del utstyr må på plass før det er klart for legane å starta opp.

 

Ho stadfestar at det blir tre legar; Fitjar kommune har tilsett ein tredje lege, i 80 % stilling. Dermed blir det snart tre legar på plass i nytt, felles legesenter.