Agnar Aarskog overrekkjer pokalen til Kjersti Hillestad, som jublar over førsteplass i MX Cup 2002. Arkivfoto FP/KR.

MX Hummel Cup – cupen for deg som vil ha det litt kjekkare!

Saman med fotballgruppa i idrettslaget inviterer Fitjar kultur- og idrettsbygg i desse dagar på nytt til innecup i idrettshallen.

 

Det er 17. gongen det blir skipa innandørs fotballcup på Fitjar, og i år er ein nesten komen tilbake til namnet cupen hadde i byrjinga. Etter at Hummel blei hovudsponsor for Fitjar Idrettslag, har cupen no fått namnet MX Hummel Cup.

Om namnet har variert med åra etter kven som har vore samarbeidspartnarar, har slagordet stått fast: Cupen for deg som vi ha det litt kjekkare!

Cupen har hatt god deltaking heilt sidan starten i 2001. Den lokale innandørscupen vår har alltid utmerkt seg med god stemning og at kampane har blitt avvikla utan forseinkingar.

Årets innecup går av stabelen fredag 11. og laurdag 12. februar. Det kan derfor vera lurt å begynna å finpussa formen om du har tenkt å vera med. Kampane startar fredag kl. 17.00, og ein satsar på å vera ferdig til kl. 18. laurdag. Oppsettet er avhengig av kor mange lag som melder seg, men dei vil avgrensa nattkampane.

Som vanleg blir det konkurrert i tre klassar: 

KLASSE 1. ELITE HERRAR. Dette er klassen for dei som ynskjer å bli best blant dei beste. Open for aktive spelarar, nedre aldersgrense er gutar fødde i 2002. 

KLASSE 2. OPEN KLASSE DAMER. Dameklassen er open både for aktive og ikkjeaktive. Nedre aldersgrense er jenter fødde i 2002.

KLASSE 3. OPEN KLASSE HERRAR. For resten av fotballglade herrar. Høver for alle glade amatører uansett nivå. Her er det ikkje tillate å ha med aktive. Nedre aldersgrense er også her 2002.

Meir informasjon er å finna på Facebook-sida til Fitjar Idrettslag.

Som vanleg står dagleg leiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg, Ole Bergesen, i fremste rekkje for arrangementet. Han minner om at det som vanleg blir storstilt opplegg med rikhaldig kiosk og skikkeleg speakerteneste. 

Han vonar at det blir 30-34 lag med i år òg. Påmeldingsfristen er 3. februar. Han oppmodar folk til å melda seg på, og tenkjer spesielt på open klasse for herrar.

– Ikkje ver redd for å melda dykk på, seier han, de treng ikkje vera oppsette på å vinna!


Det har alltid vore kjekt å vera med på innecupen på Fitjar, trufaste dommarar som Roald M. Nilsen t.v. og Finn Ingvar Havnerås kan stadfesta det. Arkivfoto FP/KR. 

 


Marco og Ketil, på vinnarlaget Aristokratane. Arkivfoto FP/KR.

 

produit anabolisant