Magne Skumsnes på andreplass på Grand Canaria!

Under dagens halvmaraton i Las Palmas på Gran Canaria sprang 62 år gamle Magne Skumsnes inn til andreplass i klassen sin.

Gran Canaria Maraton har blitt avvikla med stor deltaking i helga. Det har blitt konkurrert over 10 km, halvmaraton og maraton. Rundt 1400 deltok i maraton, og litt over 2000 i halvmaraton.

Magne Skumsnes frå Fitjar stilte opp i halvmaraton i veteranklassen over 60 år. Her sprang han inn til ein imponerande andreplass, med tida 1.30,35 på den 21 097 meter lange distansen.

Me gratulerer med den fantastiske innsatsen.