Osternes mannskor syng på julaftan i fjor. Arkivfoto FP/KR.

Temakveld med Osternes mannskor

Neste veke er det ny temakveld i Fitjar kyrkje, skriv Eli Simonsen i ei pressemelding, og denne gongen er det Osternes mannskor som har hovudrolla. Heile pressemeldinga kan du lesa nedanfor:

 

Jubileumsfeiringa er i gang, og på torsdag 26. januar er det bygda sitt eige mannskor som markerer den første temakvelden i 2017.

Osternes mannskor er godt kjent i distriktet etter flotte konsertar og kabaretar dei siste åra, og det er med glede og spenning me ser fram til eit nytt program frå dei.

Denne gongen får me høyra eit knippe religiøse folketonar frå Vestlandet, samla inn av Olav Sande på slutten av 1800-talet. Sande reiste rundt på Vestlandet mellom Sogn og Lista, og han samla inn både folketonar, segner og forteljingar.

Programmet i Fitjar presenterer nokre av dei tonane Sande samla, med sterke tekstar av Blix, Hovden og Støylen.

Svein Tørnquist har arrangert desse tonane for mannskor, og han vil og seia litt om Olav Sande og bakgrunnen for arbeidet hans.

Me ønskjer hjarteleg velkommen til konsert, be gjerne med deg ein ven og fyll opp kyrkja denne torsdagskvelden!