Folk har tillit til politiet. Foto: Sør-Vest politidistrikt.

Folk har tillit til politiet 

Sør-Vest politidistrikt leverer på tryggleik, går det fram av ei pressemelding me har fått frå politiet.

Politidirektoratet har gjennomført ni landsomfattande innbyggjarundersøkingar siden 2004. Målinga som blei utført i 2016, viser at innbyggjarane i Sør-Vest politidistrikt er godt fornøgde med politiet si responstid og nærvær.

– Utvalet som har svart på denne undersøkinga gir inntrykk av at innbyggjarane er fornøgde med korleis vi leverer på tryggleik. Det er også vårt hovudmål. Samtidig kan vi alltid bli betre. Målet med nærpolitireforma, som vi no er midt inne i, er å skapa betre og like tenester for folk. Vi skal oppretthalda vårt samfunnsoppdrag, som først og fremst er å sørgja for ro, orden og tryggleik, kommenterer politimeister Hans Vik.

Sør-Vest politidistrikt utmerkte seg på flere område i denne undersøkinga. På spørsmål om kor godt inntrykk innbyggjarane har av politiet når det gjeld å forhindra lovbrudd der det blir utøvd eller truga med vald, er vårt politidistrikt på toppen over tilfredse innbyggjarar. Politidistriktet er også på topp når det gjeld kor godt inntrykk innbyggjarane har av at politiet kjem raskt til åstaden når dei blir tilkalla etter valdsbrotsverk.

– Det er gledeleg at folk viser oss sin tillit, det skal vi aldri ta for gitt. Hovudmålet vårt er som sagt å skapa tryggleik. Det gjer vi best gjennom både førebyggjande arbeid og å løysa og prioritera dei oppdraga vi daglig mottar på en best mogleg måte, understrekar Vik.

 

 

 

Illustrasjonen viser at folk generelt har stor tillit til politiet, og Sør-Vest er på høgd med dei andre politidistrikta i landet. 

 

Målgruppa for undersøkinga er Norges befolkning over 18 år. Totalutvalet består av 5472 personar i alderen 18-99 år. Det er gjennomført 1366 intervju i Oslo politidistrikt og mellom 349 og 406 intervju i kvart av dei andre 11 politiditrikta.  

Ipsos MMI har stått for gjennomføring og analyse av årets undersøking.

 

Fakta om Sør-Vest politidistrikt

Sør-Vest politidistrikt består av 511.000 innbyggjarar og 1100 tilsette.  

Frå 1. januar 2016 blei talet på politidistrikt redusert frå 27 til 12 som følgje av politireforma. Rogaland politidistrikt og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt blei slått saman til Sør-Vest politidistrikt. Tidligare politimeister i Rogaland, Hans Vik, er politimeister.

Politidistriktet har ca. 1100 tilsette som jobbar frå Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust. Distriktet består av totalt 32 kommunar; av desse ligg 26 i Rogaland, 5 i Hordaland og ein i Vest-Agder.

Hovudsetet ligg i Stavanger, og operasjonssentralen i det nye politidistriktet skal liggja i Stavanger. Planen er at denne skal vera på plass innan utgangen av 2017. Utover det er ikke resten av organiseringa av politidistriktet bestemt.

Sjå meir på heimesidene til Politiet.