Rita Hindersland Huse t.v. og Silje Torbørnsen har samarbeidd lenge, og ser fram til å gi brukarane sine eit betre tilbod.

Ombygging og opning av modellbibliotek

Fitjar folkebibliotek vart trekt ut som eit av Hordaland fylkesbibliotek sine modellbibliotek i 2016, og no blir det slege saman med skulebiblioteket på Fitjar vidaregåande skule til eit kombinasjonsbibliotek – eitt bibliotek i to lokale.

Det er Silje Vågen Torbjørnsen ved Fitjar folkebibliotek som skriv dette i ei pressemelding. Ved å slå saman ressursane får biblioteket auka betjening og kapasitet, skriv ho.

 

Felles database

Ideen er eitt bibliotek, men i to lokaliseringar, og no vil dei aktualisera og systematisera samlingane både i folkebiblioteket og skulebiblioteket. Slik vil dei gi eit betre tilbod både til elevane ved Fitjar vidaregåande skule og og innbyggjarane i Fitjar. 

– 8. august tredde samarbeidsavtalen mellom Fitjar vidaregåande skule og Fitjar folkebibliotek i kraft, og me har frå den datoen slått saman bokbasen til Fitjar vidaregåande med Fitjar og Stord folkebibliotek sin bokbase. Fagbøkene til Fitjar vidaregåande er plassert på skulebiblioteket i den ærverdige peisestova, medan all skjønnlitteraturen er flytta over til Fitjar folkebibliotek.

– Om bøkene fysisk er på Fitjar vidaregåande skule, og du finn dei i databasen på fitjarbibliotek.no, kan me henta dei der borte, slik at du får låna dei på folkebiblioteket, opplyser biblioteksjef Silje Torbjørnsen.

 

Lengre opningstid

Etter at samarbeidsavtalen trådde i kraft, har folkebiblioteket kunna tilby seks timar meir opningstid. 

– Neste ledd i å realisere modellbibliotek-planen er å klargjera biblioteket til å verte eit meirope bibliotek, skriv Silje Torbjørnsen. Det tyder at fitjarbuen kan nytta seg av biblioteket utanom betjent tid ved å bruka lånekortet sitt som nøkkel. Det vil bli montert kortlesar på utsida av biblioteket ved døra i sør, mot fylkesvegen.

Biblioteksjefen understrekar at dei betjente opningstidene blir som før. Høvet til å koma seg inn utanom desse tidene kjem i tillegg til den ordinære opningstida.

– Men du må koma innom biblioteket og snakka med meg før du kan bruka kortet ditt til nøkkel, seier ho til Fitjarposten.


Lånekortet blir nøkkel til biblioteket om kvelden. Foto: Kjetil Rydland.


Ominnreiing og ansiktsløfting

Samarbeidsavtalen frigjer plass til fleire leseplassar ved Fitjar vidaregåande skule, og opnar for at Fitjar folkebibliotek kan innreiast betre som møtestad. Begge lokala blir gjort meir brukarvenlege og attraktive for elevar og lærarar.

På Fitjar folkebibliotetkk vil det koma nye sitjemøblar, veggene blir måla, og i vaksenavdelinga blir det sett opp høgare hyller, slik at det blir frigjort plass midt i lokalet. Her vil det bli sett opp nye sitjegrupper, og i tillegg blir det sett opp tre nye studieplassar for elevar og andre. 

Den noverande betjeningsskranken vil bli fjerna, og det blir sett opp ein ny og mindre, lenger inne i lokalet. Vidare vil det bli sett opp ein sjølvbetjenings-PC, der folk kan registrera boklån når dei kjem innom biblioteket utanom betjent tid. 

 

Må stengja i to veker

I samband med oppussinga og ominnreiinga må biblioteket halda stengt i to veker. Siste opningsdagen før stenginga blir torsdag 26. januar, og måndag 13. februar blir det opningsmarkering på det nye biblioteket.

Biblioteksjef Silje Torbjørnsen gler seg over at folk i Fitjar får betre høve til å bruka biblioteket. Det er rett og rimeleg. – Det er jo folket sin eigedom, seier ho.  

Utlånstala i Fitjar har vore gode dei siste åra, seier biblioteksjefen, spesielt blant barn og unge. Betre tilgjenge vil nok bidra til å halda oppe dei gode tala. 


Rita Hindersland Huse ser fram til å opna etter at biblioteket har vore stengt i veke 5 og 6. Foto: Kjetil Rydland.