Foto: Privat

Toralf Steinsland til Osternes

Tidlegare sekretær i Indremisjonssamskipnaden, Toralf Steinsland, talar på Osternes bedehus denne veka. Møta startar i kveld.

I tillegg til i kveld vert det møte i morgon, torsdag og på fredag. Alle møta begynner kl 19.30. Tema fdor møta er «Vandring saman med Gud».

I morgon vert det song av Nils Hageberg medan Jette Marie og Bjarne Steinsund syng på fredag. Det vert kollekt på møta.

Arrangør er Osternes Indremisjon.