Fitjarrådmann Atle Tornes har grunn til å smile over positiv prognose frå KS. Foto:FP-arkiv/HCH

Lovande kommuneresultat

Fitjarrådmann Atle Tornes fekk i dag ei hyggeleg melding på bordet.

Det syner seg at tala for skatteinngang og utjamning er betre enn budsjettert. I ein prognose frå KS som kom i dag, går det fram at tala for Fitjar kommune for 2016 er heile 1,4 milionar betre enn det budsjettet seier.

– No kan det vere at ein del tal som enno ikkje er teke med endrar litt på dette resultatet, men eg har god tru på at me går i pluss. Så dette er ei gledeleg sak, smiler Atle Tornes.