Fitjar kyrkje. Arkivfoto FP / KR.

Mange melder seg ut or kyrkja

Fitjar kyrkje opplever den same utviklinga som Den norske kyrkja elles, at mange melder seg ut, men sokneprest Olav J. Oma finn andre tal å gle seg over når han går gjennom statistikken for 2016.

I fjor melde 41 429 personar seg ut or Den norske kyrkja, medan 3197 melde seg inn. Desse tala går fram av medlemsstatistikken på heimesida til Den norske kyrkja. Tala for både inn- og utmeldingar er større enn nokon gong, og me ser den same utviklinga i Fitjar, der 26 medlemmer melde seg ut i fjor.

– Aldri har Fitjar hatt så mange utmeldingar, seier sokneprest Olav J. Oma i ein kommentar, og han vedgår at det er trist.

Samstundes gler han seg over at Fitjar hadde åtte innmeldingar i fjor, slik at nettoen ikkje blir så negativ.

Han kan ikkje seia nok sikkert om kvifor folk melder seg ut; han trur at folk har ulike grunnar. Men han reknar med dei høge tala for ein stor del skuldast at det har blitt enklare å melda seg ut og inn over Internett.

Det var i august 2016 det blei opna for ut- og innmelding på nettet, og det forklarer statistikken som viser utviklinga månad for månad i 2016. Heile 25 743 melde seg ut i august, medan dei andre månadene er meir moderate. 

Sjølv om tala ovanfor ikkje er eigna til å gleda soknepresten, har han mange andre tal i statistikken som er meir hyggelege.

Kyrkjebesøket har vore høgt i Fitjar i 2016. – På 58 gudstenester har me hatt eit snitt på 160 personar, seier soknepresten, det er ein auke på 10 frå året før. Det vil seie at det har vore 9481 kyrkjegjengarar totalt i Fitjar kyrkje på søndagar og andre helgedagar i løpet av 2016. 

Nattverdstala er også eigna til å gleda soknepresten. – Med 3781 til nattverd i 2016 har det aldri vore så mange til nattverd i Fitjar i løpet av eit år, seier Oma. Det blei døypt 37 born i fjor, medan det var 32 gravferder. Talet på vigsler viser ein stor og gledeleg auke, 13 i fjor mot berre fire året før. Om denne utviklinga held fram, kan det bli travelt på vigselsfronten i Fitjar i år!

Soknepresten gler seg også over stor aktivitet på ulike frontar i Fitjar kyrkje. I løpet av 11 konsertar og temakveldar var 1645 personar innom kyrkja. Offer under gudstenester i kyrkja har gitt over 425 000 kroner; av dette går vel 290 000 kroner til eksterne organisasjonar som til dømes Kirkens Nødhjelp. Resten av desse inntektene går til arbeid i Fitjar kyrkjelyd. 

Elles konstaterer soknepresten at folk er med på gjevartenesta til kyrkjelydspresten, og ikkje minst på bygginga av det nye orgelet. Heile 405 000 kroner har bedrifter og private gitt. Han nemner òg den store dugnadsinnsatsen i haust, då nesten 100 menneske har jobba over 3000 timar med oppussinga i kyrkja i samband med det nye orgelet.

– Dette viser at folk sluttar opp om det me driv med i Fitjar kyrkje, seier sokneprest Oma, som minner om at kyrkja ønskjer å vera for alle.