Onar Westerheim på toppen av sigerspallen på Geithus. Foto: Henning Nordfonn.

Nye skeisegull til Westerheim

Både Onar og Harald Westerheim var på Geithus i helga, og kom heim med fleire gullmedaljar.

 

Noregsmeisterskapen på skeiser for veteranar blei avvikla på kunstisbanen på Geithus laurdag 14. og søndag 15. januar. Og løparar frå Stord IL forsynte seg grovt av premiebordet.

Som vanleg var det Onar som gjorde det skarpast av dei to Westerheim-brørne, sjølv om han stiller i ein litt meir skarpskodd klasse, nemleg M65. Han vann gull samanlagt og på dei to lengste distansane, og sølv på dei to kortaste. Med desse tidene: 47,27 – 2.25,48 – 1.35,65 – 5.08,72 fekk han poengsummen 195,041 samanlagt, godt over tre tidspoeng føre nummer to i klassen. 

Han måtte nøya seg med sølv både på 500 meter og på 1000 meter, vel to sekund bak «Måken» frå Hardanger, Brynjulf Måkestad. Men på dei to lengste distansane, blei det siger, knapt føre Øyvind Øiseth frå Oslo IL. Onar var mest fornøgd med 3000-meteren, der han slo Oslo-mannen Øiseth i samløp etter ein hard duell. På 1500-meteren gjekk Onar i samløp med Brynjulf Måkestad, og han greidde ikkje å knekka den raske rivalen sin før på siste runden.

I kampen mann mot mann vaknar gløden hos Onar, etter det me forstår. Og då er han ikkje god å slå!

 


Harald Westerheim hadde ei god helg på Geithus. Her står han på toppen av sigerspallen. 

I 70-årsklassen blei Harald Westerheim nummer to, med desse tidene: 50,12 – 2.31,60 – 1.41,27 – 5.20,24. Poengsummen 204,661 gav andreplass i klassen, knapt fem tidspoeng bak klassevinnaren Alf Gjølga frå Bjugn/Ørland SK, men langt føre dei fire andre deltakarane i klassen. Tida på 3000 meter heldt til klar distansesiger.

Det la heller ingen dempar på humøret at kollega Kjell Håvard Belsvik vann alle distansane i 50-årsklassen. Med desse imponerande tidene: 43,85 – 4.59,2 – 2.19,00 – 8.41,34. Også sprinteren Hennning Nordfonn var med på turen, og kom heim med ein gull- og ein sølvmedalje etter lynkjappe løp.

Nettopp Nordfonn er det som blir med Onar Westerheim til Inzell denne veka, for å delta i sprint-VM for veteranar komande helg. Her er 60-åringen frå Stord rekna blant favorittane, sjølv om det er ein del år sidan han gjekk på 38,2 og var blant dei raskaste i Noreg.

Onar er ikkje fullt så rask på dei korte distansane som han var før. – Di lengre di betre! seier han. Det har blitt meir slik etter kvart som han har begynt å dra på åra. Og kanskje endå meir for broder Harald Westerheim, som ikkje blir med til Inzell. Onar minner om at bror hans sette norgesrekordar i 70-årsklassen i fjor både på 5000 og 10 000 meter.

Til helga er det altså sprint til helga for Onar Westerheim og kollega Henning Nordfonn frå Stord. Kanskje me har ei gladmelding å koma med om ei veke òg?

Resultata frå løpa på Geithus kan du lesa ved å opna linkane nedanfor:

Laurdagens løp.

Søndagens løp.

 


Henning Nordfonn t.h. viste i helga at han framleis er rask på isen, og blant favorittane under sprint-VM til helga. 

 

 

 

 

  

 

 

 

steroidi anabolizzanti