Tett i tett med bilar på parkeringsplassen ved Olstjønn i dag. Foto: Kjetil Rydland

Stor utfart til fjells

Som me spådde i går, var det stor utfart til fjells i det nydelege vintervêret i dag. Parkeringsplassen ved Olstjønn vart rett og slett i det minste laget.

Så mange, og så populært er det at ein no kan køyre heilt opp til Olstjønn, at det vart nesten for mykje av det gode. Til tider vart det kaostendensar med mange bilar i høve til plassen. I alle fall kan det sjå ut til at det kan vere naudsynt på sikt å utvide parkeringsplassen.

Men dette hindra ikkje at det vert rapportert med ein strålande dag for fjellfolket. Så er det berre å vona at det ikkje vert for lenge før en liknande solrik vinterdag igjen lokkar folk til fjells.